Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Prisar ved Det helsevitskapelege fakultet

Fakultetsstyret ved Det helsevitskapelege fakultet har vedteke å dele ut seks prisar årleg: utdanningsprisen, undervisingsprisen, forskingsprisen, pris til yngre forskar, formidlingsprisen og Edmunds pris.

Både studentar og tilsette kan nominere. Nytt frå 2016 er undervisingsprisen og pris til yngre forskar.
Dei fem første prisane vert delt ut på fakultetet sin sommarfest. Prisvinnarane får 30 000 kroner, gåve laga eksklusivt av Glasshytta Blåst og diplom. 

Edmunds pris vert delt ut på fakultetet sin julefest for tilsette, og her får vinnaren ein skarv frå Smeen i Sund, i tillegg til eit diplom. 

 

Prisvinnere
Glade prisvinnarar på fakultetet sin sommarfest 18. juni 2018: Frå venstre Vegard Andersen, leiar for Tromsø akuttmedisinske studentforeining (undervisingsprisen), førsteamanuensis Ketil Lenert Hansen (formidlingsprisen), førsteamanuensis Ingrid Petrikke Olsen (utdanningsprisen) og professor Bård Smedsrød, leiar for forskingsgruppa innan vaskulær biologi (forskingsprisen). Ikkje til stades: Forskar Christina Øie (pris til yngre forskar) og Karin Ravn Pedersen (Edmunds pris). Manglar og: Professorane Knut Fredriksen og Mads Gilbert, som delte undervisingsprisen med studentforeininga. Foto: Bjørn-Kåre Iversen

Frist for å nominere til Helsefak sine prisar i 2019 er onsdag 20. mars. 

Statuttar, skjema for å nominere og regelverk med meir finn du i menyen til høgre.

Viss du har spørsmål om prisar og nominasjon, kan desse sendast til: priser@helsefak.uit.no

Forskingsprisen

Forskingsprisen skal heidre ein vitskapleg tilsett, ei forskingsgruppe eller eit
forskingsmiljø som har utmerkt seg ved framifrå forsking. Prisen kan tildelast for
forsking på internasjonalt høgt nivå over tid, eller framifrå prestasjonar i løpet av
det siste året.
Prisen kan òg heidre personar som utviser framifrå forskingsleiing og som over
tid har bygd opp eit sterkt fagmiljø – gjerne på tvers av einingar og fag – som utmerkar seg
internasjonalt.

Utdanningsprisen

Målet med utdanningsprisen er å stimulere til, og gi heider for systematisk vidareutvikling av kvalitet i utdanningane og inspirere andre til auka innsats i arbeidet med utdanningskvalitet.
Prisen kan delast ut til miljø eller enkeltpersonar knytt til Det helsevitskapelege fakultet.
Tiltaket må vere nyskapande eller på andre måtar bidra vesentleg til auka kvalitet i
utdanninga.


Formidlingsprisen
Prisen skal synleggjere allmennretta formidling, gi auka status til slik verksemd og
stimulere til å kommunisere forskings- og utviklingsbasert kunnskap til samfunnet
utanfor universitetet.
Prisen kan tildelast ein eller fleire personar eller ei eining ved Det helsevitskapelege
fakultet som har utmerkt seg ved ein ekstraordinær innsats for å kommunisere resultat
av forskings- og utviklingsarbeid og betydinga av dette for samfunnet.
Alle former for populærvitskapleg formidling kan bli vurdert. 


Undervisingsprisen
Målet med undervisingsprisen er å gi heider for god undervising, eit godt
læringsmiljø som skapar engasjement, motivasjon, tillit og tryggheit blant studentar. Dessutan
skal prisen inspirere andre til auka innsats i arbeidet med undervising.
Prisen kan delast ut til enkeltpersonar eller grupper.
Tiltaket må bidra vesentleg til god undervising og/eller rettleiing anten i klasserom eller
i praksis. Tiltaket bør utførast i samarbeid med øvrige lærarar, praksisfelt eller studentar.

Pris til yngre forskar
Prisen skal delast ut til ein yngre forskar som har utmerkt seg med framifrå forsking.
Kandidaten må ha ein lovande karriere med viktige prestasjonar passande for fagfeltet og
karrierestadiet. Kandidaten bør til dømes ha minst ein viktig publikasjon utan ph.d.-rettleiaren.
For å bli vurdert, må det ikkje ha gått meir enn sju år frå avlagt ph.d.-grad
eller tilsvarande ved nominasjonsfristen sitt utløp. Det er eit krav at kandidaten må tilsetjast ved Det helsevitskapelege fakultet ved nominasjonsfristen.

Edmunds pris
Prisen vart oppretta i 1984 for å heidre Edmund Bergersen, som i si tid var betent ved
Fagområdet medisin. Edmund var imøtekommande, samarbeidsvillig, hjelpsam og
brydde seg om medmenneska sine. Dette vert lagt til grunn for val av kandidat.
Nominasjonen må vere utfyllande. Viss fleire samla står bak nominasjonen vert den vurdert som sterkare. 

Personen som vert tildelt Edmunds pris må tilsetjast ved Det helsevitskapelege fakultet.

Les meir om nominasjonsprosessen og dei ulike prisane i statutta på høgre side.

 

 

Prisvinnarar og nominasjonar innan forsking, utdanning og formidling:

Andre prisar:

Edmunds pris