Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Språk og språkmangfald i Nord-Noreg - innblikk i det som er og var

Vindauge frå den kvenske garden Kvalberg på Skibotn. Daglegnamnet er Hotten, av kvensk Hotti eller Hotin talo.
Foto: Aud-Kirsti Pedersen.

 

INNHOLD:
Innleiing: Aud-Kirsti Pedersen
Nordnorsk språk i historisk perspektiv: Tove Bull
Inndeling av nordnorske dialektar - karakteristiske kjenneteikn: Aud-Kirsti Pedersen
Språkholdninger, emosjoner og identiteter - Hva betyr språklige forskjeller for oss?: Florian Hiss
Fleirspråklegheit i barnehagar i Tromsø: Jorid Hjulstad Junttila og Marit Sundelin
Litt før den etniske renessansen - feltarbeid blant kvener på slutten av 1960-tallet: Anna-Riitta Lindgren
Kvensk påvirkning på norsk i Nord-Troms: Hilde Sollid
Fotografiet: Sveinulf Hegstad

Språkleg mangfald har alltid kjenneteikna språkforholda i Nord-Noreg. I Ottar nr. 5/2014 får vi eit innblikk i dokumentasjon og utforsking av nordnorsk språk frå slutten av 1600-talet fram til i dag. Vi får kjennskap til sentrale trekk i den språklege variasjonen som kjenneteiknar nordnorske dialektar og norske dialektar generelt. I fleirspråklege samfunn er norsk talemål prega av at språkbrukarane er eller har vore fleirspråklege, og vi får vite litt om karakteristiske trekk i norsk språk i bygda Nordreisa i Nord-Troms, ei av dei mange bygdene der kvensk språk har vore med på å prege utviklinga av den norske dialekten. Det kvenske språket i Nordreisa blei grundig undersøkt av finske studentar på 1960-/70-talet, og vi får høyre om dette feltarbeidet slik ein av språkforskarane opplevde det. Norske barnehagar er ein viktig arena for fleirspråklegheit, og vi får kjennskap til den fleirspråklege kvardagen i barnehagar i Tromsø. Språk engasjerer, kjensler og identitet er knytt til språk og språkbrukarar. Korfor er det slik? - Dette kan vi lese meir om i Ottar nr. 5/2014.




Ansvarlig for siden: Elisabeth Jensine Nilsen
Sist oppdatert: 28.11.2014 12:10

Vil du bli abonnent? 
Send oss en E-POST: ottar@uit.no eller kontakt oss på KUNDETELEFON: 776 45000 alle hverdager mellom kl. 08.00 og 15.00.

Abonnementet gjelder til det blir sagt opp skriftlig.

Tilbake