Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Ph.d.-studiet ved Det juridiske fakultetet

Vurderer du å søke opptak til ph.d.-studiet? 
Her finn du informasjon.

Opptak:

Opptak til ph.d.-programmet ved Det juridiske fakultet skjer fortløpande. Ledige stillingar vert lyste ut på Tavla og i rekrutteringsportalen Jobbnorge.

Søknad på stipendiatstilling er søknad om opptak til ph.d.-studiet.

Opptakskrav:

Kravet for opptak til ph.d.-program i rettsvitskap er graden cand.jur. eller femårig mastergrad i rettsvitskap med gode karakterar. Fakultetet kan i enkelte tilfeller godkjenne annan eksamen som grunnlag for opptak.

Søknadsskjema  og informasjon om opptak 

Her kan du laste ned Søknadsskjema

Sentral forskrift for opptak til ph.d.-studiet

Tilsetting som stipendiat:

Stipendiatar vert normalt tilsette for fire år. Eit pliktdelsarbeid på 25 % utgjer eitt år, og doktorgradsstudiet (forskarutdanninga) er normert til tre år. Det er sett saman av ei vitskapleg avhandling (150 stp.) og ein obligatorisk opplæringsdel (30 stp.). Utdanninga fører fram til graden ph.d. (philosophiae doctor) i rettsvitskap.

Opplæringsdelen av ph.d.-studiet

Opplæringsdelen er obligatorisk. Formålet er å bidra til ei alminneleg forskarutdanning og leggje eit godt fagleg grunnlag for avhandlingsarbeidet. Opplæringsdelen består av seks emne på til saman 30 studiepoeng. Emna rullerer slik at det normalt skal vere mogeleg å gjennomføre opplæringsdelen i løpet av dei to første åra.

 

Emna i opplæringsdelen av ph.d.-studiet finn du i studiekatalogen;

 JUR-8001 Rettsvitenskapens

sveineprøve, rolle og etikk (norsk variant) eller

JUR-8008 Examination of the Role and
Ethics of the Law. Introduction to the Scandinavian model (engelsk variant)

 JUR-8002 Rettsvitenskapens vitskapsteori / Philosophy of Science in Law

 JUR-8003 Rettsvitskaplege metodar / Legal Science Methods

 JUR-8004 Rettsvitskapleg avhandlingsskriving og kommunikasjon / Legal Science, Thesis Writing and Communication

 JUR-8005 Rettsvitskapens nasjonale og internasjonale perspektiv / International Legal Perspectives

 JUR-8006 Nasjonale og internasjonale konferansar og nettverks­bygging / National and International Conferences and Networking

 

Skip to main content