Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Kvalitet i utdanninga

Studietilboda ved UiT Noregs arktiske universitet skal gi gode og relevante utdanningar som er tilpassa studentane og behova i samfunnet. Det juridiske fakultet har difor etablert eit system som skal sikre og utvikle kvaliteten på utdanningane. Nøkkelordet er evaluering, og studentane har ei sentral rolle i dette arbeidet.

Her finn du meir informasjon om korleis Det juridiske fakultet kvalitetssikrar sine studium, samt relevante lenker til UiTs kvalitetssystem

 

 

 

For studentar

 

 

 

Kvalitetssystemet ved Universitetet i Tromsø

 

KvalitetssystemForside.jpg

 

UiTs kvalitetssystem for utdanningsverksemda gir ei beskriving av UiTs strategiske og systematiske arbeid med utdanningskvaliteten. Systembeskrivinga er i hovudsak ei beskriving av dei felleselementa som inngår i arbeidet med kvalitetssikring av utdanningsvirksemda og arbeids- og ansvarsfordeling for kvalitetssikring og forvaltning av utdanningane.

 

UiTs kvalitetssystem for utdanningsverksemda vart godkjent av NOKUT i 2012 og 2006.

 

Du finn informasjon om UiTs kvalitetssystem her:

 

Kvalitetssystem for utdanningsverksemda ved UiT

 

The system is also available in English: Quality Assurance System for the Educational Activities at The University of Tromsø

 

 

 

 

Sammenfatting av evalueringsarbeidet ved fakultetet

  • Tilbakemeldingar frå studentar og lærarar etter kvar undervisningsrekke.
  • Evalueringsmøte med tillitsvalde studentar på kvar avdeling kvart semester.
  • Oppfølging av møta ved avdelingsansvarlege - tilbakemeldingar og vurdering av behovet for tiltak.

 

Er det noko vi bør vite om? Sei frå!

Dei tillitsvalde har mellom anna som oppgåve å vidareformidle tilbakemeldingar frå studentar til fakultetet.

Andre kontaktpersonar på fakultetet

Dersom du som student opplever kvalitetssvikt eller ser forhold som du ynskjer å seie frå om, kan du kontakta desse:

Masterstudiet i rettsvitskap:
Leiar av studieutvalget (SU) Magne Frostad, studieleiar Kjersti Dahle eller administrativt ansvarleg rådgivar Ole Martin Loe


Ph.d-studiet i rettsvitskap:
Forskingskonsulent Liv Johanne Martinsen, eller leiar av forskingsutvalet, Ingvild Ulrikke Jakobsen.