Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Overgangsstipend for ph.d.-studenter ved BFE

Fakultet for biovitskap, fiskeri og økonomi lyser ut overgansstipend to gonger i året. Første utlysing og søknadsfrist er i juni. Andre utlysing og søknadsfrist er i desember. Ramma for denne ordninga har i dei siste åra vore ca. 9 mnd. med stipend. Stipendet skal dekke lønn for 3-5 månader i påvente av avklaring angåande postdoktorstipend.

 

Kven kan søke

Overgangsstipendet er beregna på dyktige forskarar som har disputert i føregåande og inneverande semester. Også dei som har levert inn ph.d.-avhandling til bedømming i samme periode, kan søke. I sistnemnde kategori gis evt. tilsagn om stipend med forbehold om at avhandlinga vert funne verdig til å forsvarast for ph.d.-graden. Søkere som ikke har levert avhandlingen enda, vil ikke bli vurdert.

Spørsmål om overgangsstipend kan rettast til seniorrådgivar Rune Larsen.

Neste søknadsfrist er fredag 7. juni 2019.

 

Krav til søknaden

Søknaden skrivast på fastsett søknadsskjema. Det må fremgå av søknaden hvilken postdoktorstilling søker venter avklaring på. Til søknaden legg ein ved anbefaling frå institutt og rettleiar/fagmiljø, som skal begrunne støtte til søkaren ut frå særlege kvalifikasjonar, fagprofil og planar ved fakultetet.

Vurderingskriteria for tildeling er mellom anna:

  • Prosjektskildring: Kva skal overgangsstipendperioden brukast til?
  • Anbefaling frå institutt og rettleiar/fagmiljø
  • Gjennomføringstid for doktorgradsstudiet
  • Forskingspotensial nasjonalt/internasjonalt
  • Vitskapleg produksjon, basert på forskingsdokumentasjonssystemet Cristin
  • Innpassing i forhold til fakultetets satsingsområde

I dei siste tildelingane har det også vorte vektlagt om kandidatane, eller fagmiljøet, har søkt om forskingsfinansiering.

Utfyllt søknadsskjema med alle vedlegg sendast elektronisk til følgende epost-adresse: forskning@bfe.uit.no 

 

BEHANDLING OG TILDELING

Det er forskningsutvalget som behandlar søknadane og tildeler stipenda. Behandlingstida er normalt frå 2 - 4 veker. 




Ansvarlig for siden: Rune Larsen
Sist oppdatert: 04.04.2019 13:01