Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Fri doktorgrad: dr. philos

Graden dr. philos. (doctor philosophiae) er eit alternativ for deg som ønskjer å ta doktorgraden på eiga hand utan å følge det organiserte løpet i ei doktorgradsutdanning. Avhandlinga skriv du utan noko form for formell rettleiing og utan å måtte gjennomføre eit formelt opplæringsprogram.

Er avhandlinga di innanfor eit av fagområda ved BFE-fakultetet, søker du til oss om å få framstille deg. Med søknaden skal det ligge fem eksemplar av den ferdige avhandlinga, kopi av vitnemål som viser avlagte eksamenar og grader samt ein skriftleg eigenerklæring om at avhandlinga, eller deler av denne ikkje er, eller har vore, innlevert til bedømming ved ein annan institusjon . Du må også legge ved medforfattarerklæringer, kopi av acknowledgements og kopi av framside på kvar artikkel som inngår i avhandlinga.

Først om og når søknaden godkjennast, vil du bli registrert som doktorgradskandidat, og det oppnevnast ein bedømmingskomité.

Når du har vorte registrert som doktorgradskandidat, får du brukarkonto ved UiT og du må levere avhandlinga di gjennom universitetet sin innleveringsportal Munin. Framgangsmåte for innlevering i Munin.

Dr. philos.-graden tildelast på grunnlag av:

  • ei godkjent vitskapleg avhandling
  • to godkjente prøveforelesingar, éin over eit emne du får tildelt og éin over eit emne du vel sjølv
  • eit tilfredsstillande offentleg forsvar av avhandlinga (disputas)

 

Meir detaljert informasjon om kva reglar som gjeld for tildeling av dr. philos.-graden ved UiT finn du i dr. philos.-forskriften.