Velkommen til Institutt for arkeologi, historie, religionsvitenskap og teologi
Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Fagsida for religionsvitskap


Bachelor- og master i religionsvitskap

Religionsvitskap ved Universitetet i Tromsø tilbyr emne om religionar i samtid og fortid, frå mange ulike delar av verda. Vår studieportefølje er breitt anlagt, med høve til fordjuping i samtidsreligion, urfolkstradisjonar og nyreligiøsitet. Teoretiske og metodiske perspektiv er ein integrert del av studiet. I tillegg til eit innføringsemne i dei  sentrale tradisjonane i religionshistoria, kan du velje emne om Asias religionar, Latin-Amerikas religionar, islam, nyreligiøsitet, kristendom, levande religionar i Noreg og nordkalottens religionar. Klikk her for å lære meir om oppbygging og gjennomføring av bachelor eller masterprogrammet.


Unikt læringsmiljø

Læringsmiljøet på religionsvitskap i Tromsø er kompakt, engasjert og prega av stor grad av nærleik mellom studentar og faglærarar. Dette gjev eit særeige læringsmiljø med låg terskel for å banke på døra til fagleg tilsette og administrasjonen. Særeige for dette læringsmiljøet er også høvet til å skrive bachelor- og masteroppgåver innanfor rammene av eit internasjonalt urfolksforskingsprosjekt, lokalisert ved instituttet.


Kva er religionsvitskap?

Religionsvitskap er eit historisk og samanliknande fag. Vi er opptatt av spørsmål som kva religion er, kvifor spesifikke religionar oppstår, og kva dei tyder og gjer for dei menneska som identifiserer seg med dei, og for samfunnet forøvrig. Religion blir behandla som ein menneskeskapt storleik som kan endrast, som alltid vil interagere med den sosiale og kulturelle konteksten den finst i. Gjennom omgrepsapparat og samanliknande perspektiv prøver vi å forstå både allmenne trekk og det særeigne ved lokale uttrykk.


Yrkesmoglegheiter

Studium i religionsvitskap er relevant for mellom anna formidlingsverksemd, journalistikk, kultursektoren, arbeid med fleirkulturelle/fleirreligiøse forhold og forsking. Kombinert med praktisk-pedagogisk utdanning kvalifiserer det også for lærarstillingar i skolen.

Studieløpet

Studentar som vil ta bachelorgraden må i tillegg til ex.phil./ex.fac. ha 90 studiepoeng i religionsvitskaplege emne. Av disse 90 studiepoenga er tre obligatoriske: REL-1050 Teori og metode I (10 studiepoeng), REL-2050  Teori og metode II (10 sp.), og REL-2001 Prosjektoppgåve (20 sp.). Dei resterande 50 studiepoenga (sp.) kan hentast mellom dei øvrige emna på instituttet. Det er også mogeleg å ta fleire emne innanfor religionsvitskap enn minstekravet. Alternativt kan ein velje relevante emne frå andre fag.

Studentar som tar sikte på lærarutdanning bør i tillegg ta 60 studiepoeng i anna undervisingsfag i tillegg til praktisk-pedagogisk utdanning.

 

 

Illustrasjon med ishavskatedralen

 

Emneoversikt våren 2018:

Knapp til emneoversikt på religionsvitenskap for gjeldende semester

 

Ressursar for studentar i religionsvitskap

Eksamensoppgåver frå tidligare semester.

Nyttige nettstader om religion og religionsvitskap

Formelle oppgåvekrav

Å skrive masteroppgåve

UB om kjelder og litteraturlister

Litteraturtilvisingar og bibliografi

Religionsvitskap på Universitetsbiblioteket: aktuelle databasar, nye bøker og nyttige lenker

 

Generell studentinformasjon

Eksamen - alt om eksamen ved UiT

Skip to main content