Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Forskarutdanning ved BFE-fak: ph.d.

Fakultet for biovitskap, fiskeri og økonomi er eit tverrfagleg fakultet som tilbyr spennande og utviklande forskarutdanninger innanfor mange fagområde. Dette omfattar mellom anna økonomi- og marknadsfag ved Handelshøgskolen, biologiske fag ved Institutt for arktisk og marin biologi og fiskerifag ved Norges fiskerihøgskole.

Studietilbod

Forskarutdanninga ved Fakultet for biovitskap, fiskeri og økonomi er organisert i to ph.d.-program; samfunnsvitskap og naturvitskap. Kvart program har tilhøyrande studieretninger.

Samfunnsvitskap Naturvitskap
  • bedriftsøkonomi 
  • samfunnsøkonomi
  • organisasjon og leiing
  • marknadsfag 
  • ressursforvaltning 
  • biologi 
  • bioteknologi
  • ressursforvaltning 

 

Omfang

Den organiserte forskarutdanninga har eit omfang på 180 studiepoeng, og skal vere mogleg å gjennomføre på tre år effektiv tid. Avhandlinga er på 150 studiepoeng og kan vere ei artikkelsamling eller ein monografi. Opplæringsdelen er på 30 studiepoeng.  

 

Mål

Forskarutdanninga har som mål at kandidaten skal utføre eit sjølvstendig forskingsarbeid som leier til ei vitskapleg avhandling på godt internasjonalt nivå. Kandidaten skal ha ein vidaregåande opplæring i teori og metode som kvalifiserer for eit sjølvstendig og reflektert forhold til forsking i den vitskaplege disiplinen.

 

Kontakt

Spørsmål eller anna som gjeld forskarutdanninga, vennlegast ta kontakt med Ingjerd Gauslaa Nilsen eller  Rune Larsen