Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Obligatorisk praksis


Som den einaste juridiske lærestaden i Noreg tilbyr vi praksis til alle våre jusstudentar. Praksisperioden er kvart år i månadsskiftet november/desember for studentane på fjerde avdeling. Bestått praksis er eit vilkår for å melde seg til eksamen. Ordninga er tredelt og består av førebuande undervisning, sjølve praksisperioden og eit skrivearbeid der studentane leverer praksisrapport etter endt praksisperiode.

 

Føremålet med praksisordninga går fram av praksisreglementet § 2-1 der det heiter at praksisordninga skal «gi studentene en innføring i praktisk juridisk arbeid, samt fremme forståelsen av hvilke krav ulike yrkesoppgaver stiller til juridisk kunnskap». Praksisperioden skal etter § 3-4 blant anna «gi innsikt i kontorets arbeidsoppgaver, organisering og saksbehandling herunder klienters og parters problemoppfatning, praktisk juridisk analyse og fremgangsmåter for å løse sakene.»

For mange studentar vert interessa vekt allereie her. Om ikkje det er nok, skulle dei meir uformelle sidene av praksisordninga vere eigna til å danne grobotn for interesse. Studentane får høve til å knyte nettverk og sjå korleis jussen fungerer i praksis. Kanskje er det nokon som finn eit eigna tema for masteroppgåva si, eller får seg jobb på praksisstaden etter studiet? Det har skjedd før, og vil nok skje igjen. Praksisordninga kan med fordel brukast til å finne ut om ein aktuell karriereveg passar for deg som student. Dersom du til dømes er heilt sikker på at du skal bli advokat, kan du gjennom praksisordninga (føresett ledige advokatkontor) finne ut om dette er vegen å gå for deg. Og i motsett fall, dersom du er usikker på om ei stilling i det offentlege er noko for deg, kan du prøve ein av våre mange offentlege praksisplassar.

Som følgje av auka studentantal har talet på prakisstudentar auka dei siste åra. I 2015 sende vi 126 studentar ut i praksis. Dei kommande åra vil det difor bli bruk for endå fleire praksisplassar. I 2015 hadde vi praksisplassar frå Kirkenes i nord til Oslo i sør. Klikk her for ei liste over praksisplassane vi hadde i 2015. Det blir spennande å sjå kva nye praksisplassar som kjem til for å møte etterspurnaden. I tråd med fakultetets samfunnsoppdrag ynskjer vi å få så mange praksisplassar som mogeleg i Nord-Noreg. Ein strålande anledning for studentane til å sjå kva jobbalternativ som finst i landsdelen!

Les intervju med nokre av våre stundentar ute i praksis: Lov og rett "på ekte"

 




Ansvarlig for siden: Annikken Steinbakk
Sist oppdatert: 24.01.2018 18:42

 

 

 

Trenger du mer informasjon?

Ansvarlig for obligatorisk praksis:

Sunniva Solheim Alvestad