brakestad_anders.jpeg

Flag icon Flag icon

Anders Brakestad

Stipendiat
Institutt for kjemi

Stillingsbeskrivelse:

Eg er ein doktorgradsstudent i berekningsbasert kjemi, med Kathrin H. Hopmann som hovudvegleiar. Min faglege bakgrunn er frå uorganisk kjemisk analyse og teoretisk kjemi, frå henholdsvis Noregs biovitskaplege universitet og Uppsala universitet. Stillinga mi er ein del av arbeidspakke 4 i MarVal-prosjektet (from unexplored marine biomass to high value products), eit interdisiplinelt forskningsprosjekt på tvers are fleire fakultet ved UiT.

 

Eg bruker kvantekjemiske metodar til å studere reaksjonsmekanismar til enzym. Særleg er eg interessert i enzym som klarer å omdanne biomasse (til dømes avfallsbiomasse frå fiskeriindustrien) til produkt som er av interesse til samfunnet vårt. Eitt døme er eit enzym som produserer lange biopolymerar som vert kalla polyhydrokialkanoatar (PHA). Denne polymeren har ganske like eigenskapar som plastmateriala med bruker til dagleg, men med fordelane av at råstoffet kjem frå fornybare kjelder, og at polymeren er bionedbrytbar og biokompatibel. PHA-ar er difor ein god kandidat til å erstatte dagens plastmaterial lagd frå olje.




Undervisning

Vår 2018: KJE6004 - Fysikalsk og uorganisk kjemi for lærarar

  • Seminargrupper med oppgåveløysing
  • Vegleiing under praktisk datalab i berekningsbasert kjemi
  • Retta rapportar

Haust 2018: KJE1001 - Introduksjon til kjemi og kjemisk biologi

  • Vegleiing under praktiske labøvingar
  • Retta rapportar

Arbeider i CRIStin


  • Vacher, Morgane; Brakestad, Anders; Karlsson, Hans O.; Fdez. Galván, Ignacio; Lindh, Roland. Dynamical Insights into the Decomposition of 1,2-Dioxetane. Journal of Chemical Theory and Computation 2017; Volum 13 (6). ISSN 1549-9618.s 2448 - 2457.s doi: 10.1021/acs.jctc.7b00198.
  • Vacher, Morgane; Brakestad, Anders; Karlsson, Hans O.; Fdez. Galván, Ignacio; Lindh, Roland. Dynamical Insights into the Decomposition of 1,2-Dioxetane. Journal of Chemical Theory and Computation 2017; Volum 13 (6). ISSN 1549-9618.s 2448 - 2457.s doi: 10.1021/acs.jctc.7b00198.