Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Avslutningsseremoni for mastergradsstudentar

Tysdag 2. juni 2020 vert det arrangert høgtideleg avslutningsseremoni for mastergradskandidatar i realfag og teknologi som er uteksaminert i laupet av studieåret 2019/-20 ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi, UiT Norges arktiske universitet.


Jan Fuglesteg 22.01.2020 09:44   (Sist oppdatert: 20.02.2020 10:37)

Før seremonien skal kandidatane fotograferast i grupper. Kandidatane møter opp kl. 11:00 ved Solhallen utanfor Auditorium 1 i Teorifagbygget. Etter fotografering møter kandidatane møte opp utanfor auditoriet kl 11:45 for oppstilling til inngangsprosesjon.

Seremonien startar kl 12:00 i Auditorium 1 (TEO-H1 1.820-AUD1) på Teorifagbygget, etterfølgt av lunsj for kandidatane med følge kl 13:00. Lunsjen vert servert i Teorifagkantina.

NB! Lunsjen er kun for påmeldte, men seremonien er open for alle interesserte.

Tentativt program
11:00 Fotografering av kandidatane (gruppebilder)
11:45 Oppstilling til inngangsprosesjon
12:00 Avslutningsseremoni i Auditorium 1, Teorifagbygget 
- Prosesjon
- Musikalsk innslag
- Ynskje velkomen
- Talar ved rektorat / dekanat
- Overrekkjing av gåver til kandidatane
- Musikalsk innslag
- Studenttale
- Overrekkjing av pris for beste masterkandidat ved NT-fakultetet i 2019
- Studentane sin undervisningspris
- Avslutning
- Musikalsk innslag
13:00 Lunsj (kun for påmelde som har fått invitasjon)  

Videoinnslag fra avslutningsseremonien 2015 kan sjåast på Youtube eller ved å trykke på biletet under.