Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Vil samle idrettsmiljøet når forskingsstiftelsen skal dele ut midlar

Tidlegere i haust blei det kjend at Tromsø forskingsstiftelse (TFS) går inn med fleire millionar kroner til forsking på både kvinnelege skiløparar og fotballspelarar. Når midlane skal deles ut under årsmarkeringa 13. november dukkar kjende namn som Lise Klaveness og Bente Skari opp.


Lise Lotte Henriksen 11.11.2019 08:50   (Sist oppdatert: 30.12.2019 15:05)

Svein Arne Pettersen og Unn Sørum
Forskingsleiar Svein Arne Pettersen og administrativ leiar i TFS Unn Sørum. Bildet er tatt i forbindelse med offentleggjeringa av Senter for kvinnefotball Foto: Jonatan Ottesen

Senter for kvinnefotball (Female football center) og FENDURA skal begge heidras når den offisielle tildelinga finn stad. I tillegg skal det også i år deles ut tre nye Starting grants til unge lovande forskingsleiarar ved UiT.

Stjerner på paneldebatt

I år er programmet prega av «kjønnsspesifikk idrettsforsking – kvifor det?». Dette blir ein samtale mellom elitedirektør i Noregs fotballforbund, Lise Klaveness, og tidlegare langrennsløpar og olympisk mester Bente Skari.

– Vi er stolte over å være med å sette fokus på forsking på kvinnelege idrettsutøvarar. Vi håpar idretten i Tromsø nytte anledninga til å kome på årsmarkeringa og få med seg samtalen mellom Klaveness og Skari. Det vil det kome godt fram kvifor dette er viktig, seier administrativ leiar i TFS, Unn Sørum.

Onsdag 13. november

Årsmarkeringa for TFS finn stad onsdag 13. november i Lysgården på MH1 på UiT Breivika. Arrangementet varar frå klokka 11.00 til klokka 13.00, og er opent for alle som ønskjer å delta.

Her kan du lese meir om programmet for dagen

TFS blei stifta av Trond Mohn i 2007. Han donerte 100 millionar kroner til stiftelsen med atterhald om at desse skulle vere brukt opp innan 2016. Seinare donerte han 300 millionar som skal vere brukt opp innan 2025. Meir om Tromsø forskingsstiftelse finn du her.