Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Tidlegare NASA-astronaut kjem til UiT

31. oktober arrangerer Fakultet for naturvitskap og teknologi Space Day for alle som er interesserte i kva som beveg seg i romfarten.


Lise Lotte Henriksen 23.10.2019 14:56   (Sist oppdatert: 30.12.2019 14:48)

Dr. Tess Caswell uten tyngdekraft
Dr. Tess Caswell er tidlegare simultanastronaut i NASA Foto: Den amerikanske ambassaden

Heidersgjesten er den tidlegere simultanastronaut i NASA, dr. Tess Caswell.

– Det er ikkje kvardagskost å få besøk av ein astronaut, og enno meir spesielt ein kvinneleg astronaut. Vi er sikker på at både foredrag og møte med studentane vil vere inspirerande, og bidra til nye tankar om framtida og utviklinga av romindustri. Astronautar er godt trena ekspertar, ikkje berre i jobbe dei skal gjere, men og i formidling. Dette blir spanande, seier prosjektkoordinator ved NT-fakultetet, Inger Solheim.

Det var den amerikanske ambassaden som fyrst tok initiativ til astronaut-besøket.

Sjå fullt program for dagen nedst i artikkelen.

Opent for alle

Dr. Caswell skal i eit foredrag snakke om månelandinga, og korleis arva etter Apollo 11 har påverka suksessen til den Internasjonale Romstasjonen. Dette foredraget opnar Space Day og passar for alle, seinare på dagen held ho workshopen Planetary Space Physics og ein spesialworkshop som kun er føreheld pilotstudentane.

– Det er veldig spanande at det som skjer med romfart no også planleggas og drivas fram av private aktørar. Dr. Tess Casswell har erfaring både frå NASA og jobbar no i det private selskapet Blue Origin. Det blir spanande å høyre perspektiva hennar på framtida. Vi håpar ho vil inspirere studentane ved å visa korleis bakgrunnen deira er relevant. Det er alltid positivt når vi får besøk frå bedrifter eller eksterne ekspertar, seier Solheim.

Mange jobbmogelegheiter 

I løpet av dagen vil også European Space Agency, Norwegian Space Agency og nasjonalt næringsliv holde foredrag om dei mange og varierte karrieremogelegheitene i verdsrommet.

– Nord-Noreg har ei lang historie med store aktørar som KSAT, Andøya rakettskytefelt, EISCAT og Spacetec for å nemne nokon. Dr. Caswell har ein allsidig bakgrunn som bør inspirere både pilotstudentar, romfysikkstudentar og alle andre som har drømt om ei framtid i romindustrien. Kandidatane våre får ofte jobb i romindustrien, sjølv om UiT ikkje akkurat har utdanna nokon astronautar. Enno, seier Inger Solheim.

Ho legger til at det er verdt å huske på at desse bedriftene også treng økonomar, marknadsførarar og tilsette frå politiske fag. Space Day er open for alle som måtte vere interessert i romfart, romforsking eller ein karriere innan dette.

Space Day er eit samarbeid mellom UiT, European Space Agency og Norwegian Space Agency.

Program:

Sted: MH U6.SAUD

1100-1145: Unity on Earth, Unity in Orbit: From Competition to Cooperation in Space, Dr. Tess Caswell 

1145-1200: Pause med mingling

1200-1230: Workshop on Planetary Space physics, Dr. Tess Caswell

1230-1245: Gratis lunsj utanfor auditoriet

1245-1400: Karrieremogelegheiter i verdsrommet, med ESA, NOSA and nasjonalt næringsliv

1300-1400: Parallell spsesialøkt for luftfartsstudentar: Workshop on the Future of Aviation, Tess Caswell - Farmasibygget: Aud. 1