Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Historisk sørsamisk språkkonferanse i Levanger

Som ledd i FNs internasjonale år for urfolksspråk inviterer Divvun, UiT Noregs arktiske universitet og Nord universitet til konferanse om sørsamisk språk. Det er første gong ein slik konferanse blir arrangert.


Inger Lise Næss 27.09.2019 15:44   (Sist oppdatert: 17.01.2020 12:37)

Dei første sørsamiske språkforskningsdagene (1. åarjelsaemien gïeledotkemebiejjieh) går av stabelen 2.–4. oktober 2019 på Nord universitets campus i Levanger.

Det er, så vidt vi veit, første gong i historia at sørsamisk språk er tema for ein konferanse av denne storleiken, seier Maja Lisa Kappfjell, rådgivar ved Divvun, UiT Noregs arktiske universitet.

Konferansen blir arrangert av Divvun-gruppa ved fakultetet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning ved UiT, og Nord universitets fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag.

Språkforskarar frå Sverige, Noreg, Finland, Tyskland og Polen har presentasjonar og innlegg. På konferansens siste dag blir det workshops der aktuelle problemstillingar knytt til sørsamisk grammatikk, normering, språkteknologi og språkrevitalisering blir tema.

Les meir om konferansen hos Nord universitet

Les meir om konferansen på Divvuns nettside (sørsamisk tekst)

Kontaktpersonar:
Maja Lisa Kappfjell, rådgivar Divvun, UiT: maja.l.kappfjell@uit.no / 77 64 41 89
Sjur Nørstebø Moshagen, prosjektleiar Divvun, UiT: sjur.n.moshagen@uit.no / 77 64 52 43
Asbjørn Kolberg, førstelektor Nord universitet: asbjorn.kolberg@nord.no / 74 02 25 17

Les meir om UiTs forskningsmiljø innan samisk språkteknologi:
Samisk språkteknologi kan berge tusenvis av språk
No kjem samisk stavekontroll til mobilen