Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

UiT-professor får Kongens fortenstmedalje

– Det kjennes heilt fabelaktig å ta imot denne medaljen, seier Liv Helene Willumsen.


Lise Lotte Henriksen 08.07.2019 14:27   (Sist oppdatert: 07.08.2019 09:14)

Liv Helene Willumsen var guide for Dronning Sonja under opninga av Steilneset minnested i Vardø i 2011. Foto: Heiko Junge, Scanpix

Ho er professor emerita i historie, og får den gjeve medaljen overrekt den 16. august.

– Det er ei stor ære, og eg kjenner meg glad og stolt. Det er eineståande å bli løfta fram på denne måten, og eg kjenner meg veldig takknemleg, seier Willumsen.

Willumsen har to doktorgradar, den eine i historie frå University of Edinburgh som dreier seg om trolldomsprosessane på 1600-talet i Finnmark og Skotland. Den andre doktorgraden er i litteratur og handlar om forfattaren Regine Normann frå Bø i Vesterålen. Normann var den fyrste kvinnelege forfattar frå Nord-Noreg som vart kjend på eit nasjonalt nivå. 

Sentral om hekseprosessane

Liv Helene Willumsen har gjort seg merka på fleire område. Mellom anna for si forsking på trolldomsprosessane i Finnmark, som òg blei bakgrunnen for ein opera skreve av Ola Bremnes.

Willumsen har vore sentral i arbeidet med Steilneset minnestad i Vardø, og har skreve fleire bøker om hekseprosessane.

– Steilneset minnestad er ikkje berre eit monument over grufulle hendingar, tortur og avrettingar. Det er like mykje ei påminning om kor store konsekvensar fanatisk tankegods kan få når ideane kan settast ut i livet av menn med makt.

Seinare oppdaga også Willumsen og kollega Randi Skjelmo ein raud tråd frå ein krangel i India i 1708 til UiT.

– Fengslinga av ein misjonær i Trankebar i India i 1708 starta ein samanhengande kjede av hendingar som til slutt sørga for startfinansiering av det som i dag er UiT Noregs arktiske universitet.

Mottaking i august

No står altså Kongens fortenstmedalje for tur. Den delast ut som løn for innsats av særleg samfunnsgavnlig natur på områdar som kunst, kultur, vitskap, næringsliv, sosialt og humanitært arbeid.

Medaljen overrekkast den 16. august klokka 14.00 i Statsarkivet.