Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Oppstart av ny maritim utdanning

Universitetet i Søraust-Noreg, NTNU, UiT Noregs arktiske universitet og Høgskulen på Vestlandet får tilby ein ny maritim bachelorutdanning, spesialtilpassa søkarar med toårig maritim fagskule. 


Randi Merete Solhaug 17.12.2018 08:35   (Sist oppdatert: 04.01.2019 09:11)

Det nye programmet, bachelor i Maritime Management, startar som ein pilot hausten 2019, og vil gjera det langt enklare for søkarar med maritim fagskoleutdanning å gå vidare på ein bachelorgrad. Opptaket til piloten er på Høgskulen på Vestlandet (HVL), men samlingane vil fordelast på alle dei fire institusjonane som står bak programmet.

No vert det enklare for dei som ynskjer å byggja på den maritime fagskuleutdanninga si med ein bachelorgrad. Foto: Marius Hansen

Dei får godskrive delar av det dei har lært på fagskolen, slik at dei oppnår ein bachelorgrad raskare. Denne kompetansen er etterspurt av den maritime næringa, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).

Fritak for 60 studiepoeng

Studentane vil kunna få fritak for 60 studiepoeng, basert på kunnskapen dei har frå den maritime fagskuleutdanninga. Studentane treng dermed berre å ta 120 studiepoeng, i staden for 180, som er det vanlege for ein bachelorutdanning.

Krav til opptak vil vere fullført og bestått toårig maritim fagskule, med fordjuping dekksoffiser på leiingsnivå eller maskinoffiser på leiingsnivå. Programmet er nettbasert med samlingar. Emna og samlingane vil bli fordelt tilnærma likt på kvar av dei fire utdanningsinstitusjonane.

Institusjonane har basert studiet på innspel frå maritimt næringsliv frå heile landet og folk med tidlegare fagskuleutdanning.

Truleg vil mange av studentane på det nye studiet vera i jobb, og difor vil den nye bachelorgraden verte tilbode som eit deltidsstudium med halvert studieprogresjon. Det vil seia at studentane berre vil ta 15 studiepoeng per semester, mot normalt 30 i ein ordinær bachelor. 

Tilpassa næringsliv og framtida

– Det nye studiet legg til rette for eit næringslivsstilpassa og framtidsretta studieløp som knyt saman fagskule og bachelorutdanning. I løpet av få år har MARKOM2020-samarbeidet utvikla og etablert ei heilskapleg maritim profesjonsutdanning frå fagskule og bachelor- og masterutdanningar til ph.d.- utdanning, seier Petter Aasen, leiar i styringsgruppa for MARKOM2020 og rektor ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN).  



Om MARKOM2020

Sidan 2011 har samarbeidsprosjektet MARKOM2020 jobba for å løfta maritim utdanning til eit høgare nivå - frå fagskule til doktorgrad, med mål om at Noreg skal vera blant dei verdsledande innan maritim profesjonsutdanning. Overgangsordninga frå maritim fagskule til bachelor er ein viktig del av dette arbeidet.

Sjå òg:

Storsatsing på maritim utdanning

Ny maritim doktorgradsutdanning

Her er de første phd-studentene i nautiske operasjoner