Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

50 millionar frå Forskingsrådet!

UiT ved Institutt for samfunnsmedisin er løyvd 50 millionar kroner frå Noregs forsknigsråd til forsking på sosial ulikskap.


Schanche, Thomas, 30.11.2018 14:45   (Sist oppdatert: 04.01.2019 09:34)

Kristin B. Borch, Inger Njølstad og Vinjar Fønnebø kosa seg med søte kaker og gode kollegaer då nyhende om tildelinga kom. Foto: Thomas Schanche

 

Det var høg kakeføring og fantastisk stemning då fungerande instituttleiar ved Institutt for samfunnsmedisin (ISM), Vinjar Fønnebø, takka alle dei dugelege tilsette som hadde bidrege til søknaden om forskingsmidla.

– Dette er ein gledeleg dag og ein verdsetjing av den kompetansen vi har på epidemiologi og folkehelse, strålte han. Dekan ved Helsefak, Thrina Loennechen, applauderer og seier dette er strålande nyhende for universitetet og arbeid for folkehelsa.

Prosjektet «Healthy choices and the social gradient» fekk løyvd 50 av totalt 137 millionar kroner som Forskigsrådet deler ut til miljøstøtter på folkehelseforsking.

Forbetre forskingsformidling 

ISM og partnarar ved og utanfor UiT skal forska på sosial ulikskap i Helse-Noreg, forklarer prosjektleiar Inger Njølstad.

– I Noreg har alle i prinsippet like rettar til helsetenester. Men vi ser likevel at det er skilnadar blant folkesetnadsgrupper når ein samanliknar mellom anna levealder, BMI, prosentdel som røykar, tilfelle av hjarte- og karsjukdomar og kreft. Inntekts- og utdanningsnivå er ein av fleire faktorar som medverkar til skilnadar. Og ulikskapen berre aukar, kommenterer ho.

Eit av mange delprosjekt går ut på å forska på korleis forskingsformidling når fram i folkesetnaden, seier Njølstad.

– Vi ser at det er ein høgare del som røykar blant folk med låg utdanning. Kan det vera slik at informasjon til folkesetnaden vert oppfatta ulikt i ulike grupper? Vidare kan vi kanskje bruka andre kanalar for å formidla resultat frå forsking.

 Skal forske på studenthelse 

Prosjektet «Healthy choices and the social gradient» skal nytte folkehelseundersøkingar som SAMINOR, Tromsøundersøkelsen og Kvinner og kreft – og samanlikna dei med nasjonale helseregister for å læra meir om sosial ulikskap i folkehelsa. Men det er ei gruppe forskarane saknar gode data frå: Unge vaksne, seier førsteamanuensis Kristin B. Borch.

– Forskinga på studentar og unge vaksne har vore prega av låg svarprosent, samstundes som enkelte av funna har vore urovekkjande. Vi har difor vore i kontakt med leiinga ved Universitetet, Studentsamskipnaden og Studentparlamentet for å laga ei ny undersøking om den generelle helsesituasjonen til studentane.

 Skal involvera studentane 

I delprosjektet om studenthelse, er det viktig med brukarmedverknad frå starten, seier Borch.

– Frå planleggingsstadiet til gjennomføring skal vi ha med studentane. Det er viktig at dei kjenn eit eierskap til prosjektet og at det er viktig for studenthelsa. Vi ynskjer å rekruttera studentforskarar og inkludera dette i undervisinga. Det vert ein læringsprosess for alle – der studentane skal få god innsikt i forskingsmetode og forskingskritikk.

Borch seier det er viktig å læra meir om bakgrunnen for tala frå tidlegare undersøkingar, som SHoT-undersøkinga, som viser at mange studentar slit psykisk.

– Slit dei med studiesituasjonen? Verkar ikkje velferdstiltaka for studentar som dei skal? Vi håpar å få gode svar slik at tiltaka kan verta meir målretta, seier Borch.