Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Vald, fengsling, restriksjonar og provokasjon - angrep mot forskarar, studentar og universitet

Free to Think 2018 rapporterer 294 angrep mot akademisk fridom - også i EU-land og USA


Håkon Fottland 02.11.2018 11:07   (Sist oppdatert: 02.11.2018 12:57)

Morgenbladet og magasinet Harvest har over tid hatt ein artikkelserie om forsking, sjømat og laks. Nokre artiklar i serien har synt oss at akademisk fridom er under press Noreg.

Lenke til rapporten: Free to Think 2018

Tilhøva her heime er likevel ikkje på langt nær så alvorlege som det som framgår i den nye rapporten Free to Think 2018. Rapporten er utarbeidd av Scholars at Risk’s Academic Freedom Monitoring Project; UiT er medlem i nettverket Scholars at Risk. I perioden er det m.a. rapportert 79 drap, 88 fengslingar og 60 rettsforfølgingar.

Rapporten ber særskilt om at studentar, forskarar, universitet osv. - dette gjeld også ved UiT:

  • Anerkjenner offentleg at angrep på akademisk fridom er eit problem med negative konsekvensar
  • Avstår frå i ta del i slike angrep, direkte og indirekte
  • Stiller gjerningspersonane til ansvar
  • Sikrer personleg tryggleik for alle i høgare utdanning
  • m.fl.

UiO og Scholars at Risk har nettkurs om akademisk fridom: Dangerous Questions - ta kurset nå!

Rapporten Free to Think 2018 diskuterer følgjande i kapittla:

  • Valdelege angrep mot studentar, forskarar og campus, m.a. i Afghanistan, Kenya, Pakistan, India og Yemen
  • Urettmessig fengsling og rettsforfølging av akademikarar for å hemne eller å avgrensa akademisk arbeid
  • Målretta angrep på studentar og akademikarar i Iran
  • Fengsling av Uyghur studentar og akademikarar i Kina
  • Angrep på student-yttringar. I Nicaragua har politi og halvmilitære grupper nytta vald mot protestrøyrsla, minst 317 er drepne
  • Trugsmål mot heile sektoren for høgare utdanning i Tyrkia
  • Restriksjonar på reiser, og målretta nekting av ut- og innreisevisa pga. akademisk arbeid
  • Spenningar i USA, særleg politisering av yttringar og møteverksemd på campus som leier til vald
  • Trugsmål mot institusjonelt sjølråderett, inkludert nedlegging av institusjonar Sentral- og Aust-Europa

Lenke til fjorårets nyhendesak.

Lenke til ressursside om Akademisk fridom