Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Tipp topp øvingslokaler for sjukepleiarstudentane

Dei nye og oppdaterte øvingslokalane til sjukepleiarutdanninga er så realistiske at du kan tru du har hamna på sjukehus.


Bruvoll, Mathias, 12.10.2018 09:25   (Sist oppdatert: 04.01.2019 08:55)

 

Fullt hus. Øvingsstasjonen for venekanylar var godt vitja under open dag ved sjukepleierutdanninga. Foto: Mathias Bruvoll

Fire store rom med 20 sengeplassar, to skyllerom og eige medisinrom er nokon av dei nye fasilitetane i øvingslokalene til sjukepleiarutdanninga i Tromsø. Avdelingsleiar for barchelorutdanning i sjukepleie, Marta Grongstad, kan ikkje anna enn å smila når ho snakkar om lokala. 

– Det har vorte ei heilt helt ny verd for oss som gjer studie- og arbeidskvardagen mykje betre for alle, seier Grongstad. 

No har lærarar og veiledere kapasitet til å ha 60 studentar i aktivitet samstundes, som er ein solid auke frå i fjor.

LES MEIR OM BACHELOR I SJUKEPLEIE 

I tillegg til sjølve lokala, er det òg mykje nytt og moderne utstyr, blant anna 50 nye "vesle Anna" til øving på hjarte- og lungeredning, topp moderne sengeplassar med pasientheiser og store, interaktive undervisingsskjermar på kvart rom. Det vert òg planlagt innkjøp av høgteknologiske simulatordukkar til bruk i dugleikstrening.

– Vi er veldig oppteken av at studentane skal ha fått trena på dugleik før dei treff pasientar ute i praksis. Dei nye medisinrommane gjer at vi mellom anna kan øve mykje på å leggja opp medisinar riktig for å unngå feilmedisinering og -dosering. 

Sjukepleiarstudentane hadde sjølv ansvar for rettleiinga av dei vitjande under open dag, som vart arrangert før helga. Tilbakemeldinga i etterkant var mellom anna at det er nødvendig med god refleksjon over eigen kunnskap og dugleik for å rettleia andre.

Anette Drage Samnøy og Stina Victoria Hellbostad Nordberg studerer sjukepleier desentralisert på andre året, og var med på å visa fram dei nye øvingsrommane.

 

LES MEIR OM BACHELOR I SJUKEPLEIE - SAMLINGSBASERT

– No har vi heilt fungerande rom, og dei er så godt som heilt like pasientromma på sjukehusa. Dei gamle lokala var tronge og hadde avgrensa med utstyr. Akkurat no kjenner vi oss veldig heldige som får bruka desse nye, flotta lokala i undervisinga, seier Drage Samnøy.

Hellbostad Nordberg skyt inn at dei no har fått ein meir realistisk læringsplattform.

– I dei gamle romma måtte vi gjera mykje på liksom, til dømes late som om vi gjekk på eit medisinrom for å henta medisinar. No brukar vi faktisk medisin- og skyllerom slik vi skal gjera når vi kjem ut i jobb, seier Hellbostad Nordberg.

 

Avdelingsleiar ved bachelorutdanninga i sjukepleie, Marta Grongstad, slår fast at dei nye øvingslokala gjer studiekvardagen betre for alle. Foto: Mathias Bruvoll
Stina Kristiansen Fenes byrja på første året i sjukepleiarutdanninga i haust, og fekk ein smakebit på oppgåver som ventar. Kyndig rettleier var Sofus Pedersen. Foto: Mathias Bruvoll
I da Traa Selius målar blodtrykke til Kristin Bakken (t.v.). Vebjørn Lia Berger verifiserer målinga. Foto: Mathias Bruvoll
Victoria Rubbås traff på første forsøk med å setja ein perifer venekanyle på ein av dei mange nye plastarmane som er tilgjengeleg for studentene. – Karakter A, melder andreårsstudent Marte Skallebø Olsen. Foto: Mathias Bruvoll
Stina Victoria Hellbostad Nordberg viser førsteårsstudenten Guri Smith Aulie korrekt bruk av konvensjonell blodtrykksmålar. Foto: Mathias Bruvoll
Henriette Pedersen og Anna Martine Aaker viste med nytt og moderne utstyr riktig prosedyre for hjarte- og lungeredning. – Det vert gjerne nokre brekte ribben når du gjer det riktig, konstaterte dei.