Velkommen til Norges fiskerihøgskole
Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Her er dei nye meritterte underviserane ved UiT

Sju nye undervisere får den gjeve utmerkinga ”merittert underviser ved UiT”.


Randi Merete Solhaug 20.06.2018 11:55   (Sist oppdatert: 25.06.2018 13:09)

Dei nye meritterte underviserane ved UiT (f.v.): Rektor Anne Husebekk som delte ut utmerkingane, Lena Bendiksen, Tore Nesset, Jørn Hansen, Jahn Petter Johnsen, Siw Skrøvset og Hilde Blix. Frode Svartdal var ikke tilstades då bilete vart teke. Foto: David Jensen / UiT

Utmerkingane vart delte ut under rektors sommarfest i dag, 20. juni.

Prosjektet ”Pedagogisk merittering” vart vedteke av universitetsstyret i 2016 som ei femårig forsøksordning. Det skal bidra til at god undervising av vitskapelege tilsette vert løfta fram og verdsett høgare. Dei første meritterte undervisarane vart utnemnd i juni i fjor.

For å få status som merittert underviser må ein ha undervist i høgare utdanning i minst fem år. Ein må ha utvikla sitt arbeid kvalitativt over tid, ha ei vitskapeleg tilnærming til undervisingsoppdraget, og vera ein engasjert og dyktig pedagogisk leiar. 

Alle nominerte vert grundig vurdert av ein komité, og i år kom desse undervisarane gjennom nålauge:

Førsteamanuensis Jørn Hansen ved Institutt for kjemi, NT-fakultetet:

Hansen har som forholdsvis fersk førsteamanuensis undervist og rettleidd på alle nivå frå bachelor til ph.d., og er tungt engasjert i utvikling av undervising og læring i kjemi. Hansen utviklar kompetansen sin kontinuerleg gjennom deltaking i kurs og workshops og er aktiv i å formidla og dela kompetansen sin. Eiga utvikling har generert ein parallell utvikling av undervisinga i kurs.

Hansen har eit stort og oppdatert overblikk når det gjeld pedagogisk/didaktisk faglitteratur og dokumenterer pedagogisk leiing gjennom ei spennande utviklingsferd som inkluderer studentar. Den pedagogiske mappa hans utgjer nærast ein eksemplarisk illustrasjon av kva Scholarship of Teaching and Learning (SoTL) bør vera: ei støtte for fornying og utvikling av undervisingsaktivitetar, rettleiing og vurdering.

– Dette er ei stor ære og eg vil først og fremst takke studentane. Vi tener alle på å bli betre på undervisning og læring, seier Jørn Hansen.

Jørn Hansen mottek diplom frå rektor Anne Husebekk. Foto: David Jensen / UiT

Professor Jahn Petter Johnsen, Noregs fiskerihøgskule, BFE-fakultetet:

Johnsen har lang undervisingsrøynsle på alle nivå som inkluderer omfattande internasjonal røynsle. Innsatsen hans for utvikling av undervising og utdanning byggjer i stor grad på samarbeid med kollegaer både på eigen institusjon og internasjonalt. Han er ein dugeleg og engasjert pedagogisk leiar både i undervising, rettleiing og som mentor for kollegaene sine.

Johnsen er ein nøkkelperson i overgang frå tradisjonelle, etablerte undervisingsmetodar til teambaserte og studentaktive metodar, og han har ei vesentleg rolle i internasjonale program.

– Eg er vel betre på å snakke om fiskeriforvaltning enn å framføre ein takketale, men tusen takk alle saman. Det er ei ære, seier Jahn Petter Johnsen.

Jahn Petter Johnsen mottek diplom frå rektor Anne Husebekk. Foto: David Jensen / UiT

Professor Frode Svartdal, Institutt for psykologi, Det helsevitskapelege fakultet:

Svartdal har lang og variert undervisingsrøynsle på alle nivå og frå fleire institusjonar. Han har vore med på å byggja opp psykologi som studietilbod ved UiT frå 1983 og fram til i dag, og han sameinar eit breitt repertoar med systemisk verksame tiltak for å utvikla læring hjå studentar.

Svartdal har utarbeidd ei lang rekkje lærebøker og anna undervisningsmateriell, i stor grad gjennom samarbeid med kollegaer. Gjennom eiga undervising og mange ulike initiativ, bidreg Svartdal på ein svært konstruktiv måte til kunnskapsutvikling om læring hjå studentar, og gjennom det ei retning for pedagogisk utviklingsarbeid. Arbeidet hans har tyding både på eige institutt, i ein vidare UiT-samanheng òg nasjonalt.

Frode Svartdal kunne ikkje delta på sommarfesten, og prisen vart difor teke imot av kollegaen hans, Martin Eisemann.

– Eg må berre seie meg samd i vurderinga av min kollega gjennom mange år. Dette har Frode fortent, sa Eisemann under utdelinga.

Martin Eisemann mottek diplomet på vegne av Frode Svartdal. Foto: David Jensen / UiT

Dosent Hilde Synnøve Blix, Musikkonservatoriet, Det kunstfaglege fakultet:

Blix har omfattande røynsle frå undervising i høgare utdanning, dei siste åra òg undervising/rettleiing på master- og ph.d.-nivå. Ho viser eit høgt vitskapleg nivå på sin didaktiske verksemd og dokumenterer eit breitt undervisingsrepertoar, med vekt på utfordringar og i høve til konservatorieutdanning.

Innsatsen hennar som pedagogisk leiar viser seg på fleire måtar, i utvikling av studieprogram og ikkje minst i strategisk arbeid for utvikling av utdanning i kunstfaga. Blix har på fakultetet sitt ei leiande rolle i evaluering, utvikling av studieprogram og i særleg grad for utdanning, rettleiing av ph.d.-studentar på fakultetet og som leiar av kunstpedagogisk forskingsgruppe.

– Tusen takk for prisen, og til vener og kollegaer ved Kunstfak! Eg elskar å undervisa og det er herleg at ein kan få diplom for det òg!, seier Hilde Blix.

Hilde Blix mottek diplom av rektor Anne Husebekk. Foto: David Jensen / UiT

Professor Lena Bendiksen, Det juridiske fakultet:

Bendiksen har mange års røynsle frå både undervising/rettleiing og som leiar av utdanning på fakultetet sitt. Den pedagogiske verksemda hennar har i aukande grad fokusert på utvikling av mellom anna nye digitale kurs og undervisningsopplegg, og dessutan initiativ til leiing og gjennomføring av større utviklingsarbeid.

Bendiksen har gjennom ei vitskapeleg orientering delt røynsler om undervising i ulike publikasjonar som rapportar og bøker. Bendiksen viser eit gjennomgåande fokus på mål, middel, resultat og refleksjon. Fyrtårnprosjektet ”Kompetanse og læringsutbytte" ser ut til å vera eit døme på eit slikt heilskapleg grep. 

– Det er ei stor glede og ei ære å få denne utmerkinga. Eg vil gjerne takke min kollega Gunnar Eriksen som fekk velfortent utdanningspris i dag, og til Marit Alleren som eg trur har inspirert mange av oss, seier Lena Bendiksen.

Lena Bendiksen mottek diplom frå rektor Anne Husebekk. Foto: David Jensen / UiT

Dosent Siw Skrøvset, Institutt for lærarutdanning og pedagogikk, HSL-fakultetet:

Skrøvset har gjennom mange år arbeidd med å utvikla undervising, og ho dokumenterer ei imponerande mengd prosjekt ho har vore involvert i. Utviklinga av den pedagogiske verksemda hennar over tid vert dokumentert mellom anna gjennom etablering og utvikling av rektorutdanninga. Skrøvset er aktiv i nettverk, og ho formidlar eigen kompetanse og resultat gjennom artiklar og ulike typar presentasjonar.

Skrøvset utmerkar seg som leiande i å byggja samarbeidskulturar rundt undervising. I dei siste åra framstår Skrøvset i særleg grad som pedagogisk leiar, både lokalt og nasjonalt, no sist for ProTed, Senter for framifrå utdanning.

– Eg er veldig stolt og glad for å ha ein arbeidsplass som set så stor pris på undervising og går foran ved å løfte dette fram. Så vil eg takke alle mine kollegaer og studentar som gjer at det er gøy å gå på jobb kvar dag - for det er det, seier Siw Skrøvset.

Siw Skrøvset mottek diplom frå rektor Anne Husebekk. Foto: David Jensen / UiT

Professor Tore Nesset, Institutt for språk og kultur, HSL-fakultetet:

Nesset har ein omfattande undervising- og rettleiingspraksis. Han dokumenterer solid og tydeleg utvikling og endring. Rolla hans har endra seg frå formidlar til ein facilitator for læringa hjå studentar. Nesset gjev ei interessant skildring av si pedagogiske utvikling og viser gode evne til å utnytta nye typar ressursar.

Ut over undervising og rettleiing har Nesset gjort ein imponerande innsats i utvikling av læremiddel basert på teoriar om læring hjå studentar. Nesset har som professor i russisk hatt mange leiaroppgåver og vert nytta som ekspert for fagområdet russisk i fleire ulike samanhengar.

– Eg ville eigenleg ikkje søkje om merittering, men så fekk eg eit spark bak av kollegaer. Så takk til dei - og til alle studentane mine, seier Tore Nesset.

Tore Nesset mottek diplom av rektor Anne Husebekk. Foto: David Jensen / UiT

Skip to main content