Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Kan musikkterapi hjelpa kreftsjuke barn mot kvalme under og etter cellegiftkuren?

Kreftsjuke barn, og spesielt ungdom, kan oppleva kraftig kvalme under og etter ein cellegiftkur. No forskar ein på om musikkterapi kan hjelpa mot dette.


Øvreberg, Elisabeth, 22.03.2018 09:41   (Sist oppdatert: 04.01.2019 12:39)

 

Trond Flægstad og Marte Lie Noer
Målet til barnelege Trond Flægstad og musikkterapeut Marte Lie Noer, er at handsaminga skal redusera kvalmen til pasientane, oppkast, trøyttleik, smerte og forbruk av kvalmestillende medisin, og dessutan kanskje auka vekta til pasientane, appetitt og immunforsvaret deira. Foto: Elisabeth Øvreberg
Det er eit stort nordisk samarbeid som no er sett i gang, der mellom anna  barneavdelingane ved Rikshospitalet og Universitetssjukehuset i Nord-Noreg (UNN) er med. Målet er å hjelpa barn og ungdom gjennom den plagsame kvalmen som ofte kjem i samband med cellegiftkur. Ein kvalme som kan slå dei unge pasientane heilt ut. 

– I prosjektet vårt er det snakk om barn og ungdom som har kreft i indre organ, eller som har leukemi. Dei går gjennom tøffe cellegiftkurer, noko som gjer dei kvalme, utslegne og trøytte, seier UNN-barnelege Trond Flægstad, som òg er professor ved Det helseviteskapelege fakultet, UiT.

I ett år har han og musikkterapeut Marte Lie Noer vore ein del av samarbeidet som har utspringet sitt i Danmark, og nyleg fekk dei 240.000 kroner frå Barnekreftforeningen i støtte for prosjektet.

Les òg om korleis koffein kan bidra til at ein treng mindre cellegift

Lindrar smerte og kvalme

Musikkterapi på sjukehus er ikkje nytt, og kort fortalt har terapiforma eit overordna mål om å fremja fysisk og psykisk helse. Ifølgje Norsk forening for musikkterapi skal terapien vera støttande i den medisinske handsaminga, der ein mellom anna skapar tryggleik og føreseielegdom i starten av sykehusopphaldet, men òg ved å gje støytte til å meistra spesifikke symptomer – som smerte og kvalme.

Og det er nettopp kvalmen som det no vert forska på. Marte Lie Noer har unge kreftpasientar ved UNN som får musikkterapi, og ho fortel at pasientane som vert spurt om å vera med takkar ja, og at dei gjer melding attende som er svært positive.

– Eg gjev dei eit frirom frå å vera sjuk og alt det inneber å vera innlagd på sjukehus. Musikkterapien skal hjelpa dei til å falla til ro. Han gjev trygd og livskvalitet, men skal òg mobilisera ressursane dei har i seg, seier Lie Noer.

Musikk og historieforteljing

I denne studien får kreftpasientane musikkforteljingar som er spesialdesignet for å visualisera. Så medan musikken vert spelt, fortel Marte Lie Noer historier. Ungdomane får andre musikkhistorier enn dei yngste borna, og saman med terapeuten skal dei fortelja om dei indre bileta dei får av å lytta til utvald musikk.
Pasientane får òg musikkterapien i opptak, slik at dei kan bruka terapien på eige hånd.

– Til saman skal  studien inkludera 136 unge kreftpasientar frå Norden, og dei er delt inn i to grupper. Ei av gruppene får ikkje musikkterapi, medan den andre gruppa får vanleg oppfylging. Då kan ein samanlikna resultata, seier professor Trond Flægstad.

Etter musikkterapien svarer kreftpasientene på spørjeskjema.

Målet er at Marte Lie Noer og dei andre musikkterapeutane i studien skal redusera kvalmen til pasientane, oppkast, trøyttleik, smerte og forbruk av kvalmestillande medisin, og dessutan kanskje auka vekta til pasientane, appetitt og nivået deira av kvite blodceller (immunsystemet deira).

Undersøkinga varer ut 2019.