Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

– Ei kjempeviktig satsing for studentane ved UiT

35 prosent av UiT-studentane har risikofylt alkoholåtferd. Studentane sjølv ønskjer spesielt at det vert jobba førebyggande mot akademiske rusmidlar.


Mathilde Torsøe 15.12.2017 16:33   (Sist oppdatert: 20.12.2017 14:07)

ETTERLENGTA PROSJEKT: I august starta det rusførebyggande prosjektet "AnsvarsFULL" opp, noko Studentparlamentet hadde jobba i over eit år for å få til. - Vi er utrulig nøgde med støtta frå Helsedirektoratet, seier Ole Andreassen i Studentparlamentet og prosjektleiar Ingrid Rabbe Larsen. Foto: Mathilde Torsøe

Studentparlamentet og Norges arktiske studentsamskipnad skal gjennom prosjektet «AnsvarsFULL» jobbe for å førebygge dei negative konsekvensane av rusmidlar blant UiT-studentar. Helsedirektoratet har gjeve 800.000 kroner til det eittårige prosjektet, som starta opp i august.

– AnsvarsFULL er ei kjempeviktig satsing for studentane ved UiT, seier Ole Andreassen i Studentparlamentets arbeidsutval.

Studentanes Helse- og Trivselsundersøking (SHoT) frå 2014 syner at 35 prosent av UiT-studentane har risikofylt alkoholåtferd, og at tre prosent har skadeleg alkoholåtferd. Tre av fem meiner det er for mykje alkohol i studentmiljøet, og like mange ønskjer fleire alkoholfrie arrangement gjennom studieåret.

– 20 prosent av UiT-studentane lar ver å delta på studentarrangement fordi dei veit at arrangementa inneber alkohol. Skadeleg alkoholåtferd har samanheng med låg studiemeistring og stor redsel for munnlege framlegg. For menn har den skadelege alkoholåtferda samanheng med å ha stroke fleire gonger til eksamen og for kvinner mykje eksamensangst, seier Ingrid Rabbe Larsen, prosjektleiar for «AnsvarsFULL».

Fleire av funna i ShoT-undersøkinga samsvarer med ei undersøking Samskipnaden gjorde etter årets fadderveke. 

Auke i prestasjonsfremmande rusmidlar

Ifølge Larsen og Andreassen er det tydeleg ein usunn alkoholkultur i studentmiljøet ved UiT - i likskap med i dei fleste store studentbyane i Norge.

– Det er kjempeviktig å klare å skape eit inkluderande tilbod for absolutt alle studentane. Alle studentorganisasjonane ved UiT bør vere med i prosessen med å lage fleire alkoholfrie arrangement, seier Larsen.

«AnsvarsFULL» skal jobbe på eit overordna nivå inn mot studentorganisasjonar og auke kunnskapen om rusmiddelbruk blant studentane. Prosjektet er uvanleg i norgessamanheng.

– «Ansvarsfull» har eit breitt rusmiddel-fokus, men studentane har vore veldig tydelege på at vi spesielt bør jobbe med akademisk dop. Det vil seie bruk av prestasjonsfremmande dop i studiesamanheng, hovudsakleg ritalin, når ein ikkje har ADHD. Enkelte studentar tek dette for å halde seg meir vakne dei når studerer, gjerne dagen eller kvelden før eksamen. Vi har høyrt at akademisk dop er i bruk blant UiT-studentane, men dette er ikkje eit stort problem hos oss. Når neste ShoT-undersøking kjem i september neste år vil vi truleg få mykje betre oversikt over omfanget av dette ved UiT, seier Larsen.

Førre SHoT-undersøkinga syner at det har vore ein stadig aukande bruk av akademisk dop i den norske studentmassen dei siste åra. Ifølge Larsen er alkohol det mest brukte rusmiddelet blant studentar ved UiT, og av dei illegale rusmidlane er cannabis mest utbreidd. 

Larsen meiner utfordringa er å spreie informasjon om rusmidlar blant studentane utan å vere moraliserande.

– Det er også studentane opptekne av. Målet er å spreie informasjon slik at studentane sjølv tek informerte valg, seier ho. 

– Vi håper prosjektet vil bidra til ein inkluderende og god kultur. Fleire studentar meiner at prosjektet kjem på eit riktig tidspunkt, seier Andreassen. 

Ruspolicy for heile universitetet

«AnsvarsFULL» bidreg i arbeidet med å lage ein ruspolicy for både studentar og tilsette ved UiT. Planen er at arbeidsgruppa legg denne fram for universitetsstyret i juni. Policyen skal mellom anna handle om kva slags alkoholkultur som er ønskt på universitetet og kva ein skal gjere viss ein er bekymra for rusmiddelbruken til andre ved UiT.

HØGE KRAV: Dei siste åra har bruken av akademiske rusmidlar blant norske studentar auka. Ingrid Rabbe Larsen trur eit stadig aukande krav til gode karakterar i enkelte bransjar kan drive enkelte studentar til å ta slike rusmidlar. Foto: Mathilde Torsøe Foto: Mathilde Torsøe

– Policyen skal få i gang ein diskusjon om «gråsoner» når det gjeld rusmiddelbruk, til dømes kva som er god alkoholåtferd når ein er på julebord med kollegaer, seier Larsen.

«AnsvarsFULL» skal også bidra til at fadderstyra ved UiT lagar sin eigen ruspolicy for fadderveka.

Tips til betre drikking

Undersøkinga etter førre fadderveke syner at snautt 7 prosent av dei nye studentane ikkje deltok på fadderveka, og at 22 prosent deltok i liten grad.

– Det å delta på fadderveka har mykje å seie for om ein vil trivst på studiane. Hovudgrunnen til at studentar ikkje deltek er at dei ikkje føler seg inkludert i aktivitetane eller syntest at dei inneber for mykje alkohol. Det er den helseskadelege «binge-drikkinga», det at studentane drikk så mykje når dei først drikk, vi ønskjer å bli kvitt, seier Larsen, som meiner fadderveka er ein sårbar periode for mange.

– Man skal skaffe seg nye vener, men mange føler seg aleine. Då er det kanskje enda vanskelegare å motstå press. Studentane som deltek på fadderveka er også dei med meir skadeleg og risikofylt alkoholåtferd. Kanskje studentane som deltek endar opp med meir risikofylte alkoholvanar, eller det kan hende dei som drikk meir i utgangspunktet er dei som deltek på fadderveka.

Studentsamskipnaden og AnsvarsFULL har no ein test ute på sine nettsider der ein kan måle kor mykje ein drikk og få tips til korleis ein kan drikke betre:

– Altså behalde «lykkepromillen» i staden for å drikke så mykje at ein har det skikkeleg kjipt dagen etter, forklarer Larsen.

Ho håper og trur at «AnsvarsFULL» vil bli utvida med ytterlegare to år.