Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Friskmelding gav ikkje angstreduksjon

Pasientar som blir friskmelde etter røntgenundersøking av arteriane rundt hjartet, er nesten like deprimerte som før, og har mindre reduksjon i angstnivået enn dei som får påvist åreforkalking som medfører utblokking av årene eller hjerteoperasjon.


Øvreberg, Elisabeth, 22.11.2017 13:41   (Sist oppdatert: 06.01.2018 14:43)

Tove Aminda Hanssen ved UiT og overlege Amjid Iqbal, UNN
Dei som får påvist normale blodkar eller små endringar i åreveggane har høgast angstnivå også eitt år etter hjarteundersøkinga. Det viser forsknnga til Tove Aminda Hanssen ved UiT, her saman med andreforfattar, overlege Amjid Iqbal, UNN. Foto: Jan Fredrik Frantzen

– Sunn fornuft tilseier at å få bekrefta eller avkrefta alvorleg hjartesjudom skulle gje utslag i sjukdomsoppleving og livskvalitet. Studiar på dette har likevel vist motstridande resultat. Vi gjennomførte denne studien for å vite meir om korleis det diagnostiske resultatet påverkar symptom på angst og depresjon over tid, kommenterer Tove Aminda Hanssen, førsteamanuensis ved Det helsevitskaplege fakultet, UiT.

Ho har nyleg publisert studien sin i European Heart Journal, Quality of Care & Clinical Outcomes.

Dei friske hadde framleis angst og depresjon
I analysane blei pasientane delte i tre grupper basert på det diagnostiske resultatet: Dei med normale kransårer, dei med veggendringar utan forsnevring (stenose) og dei med meir enn 50 prosent forsnevring i kransårene.

Det var ingen forskjellar i angst og depresjon mellom gruppene før undersøkinga. Om lag 25 prosent hadde symptom på angst og 20 prosent hadde symptom på depresjon.

Seks måneder etter undersøkinga, var andelen med angst redusert til 11 prosent og til 13 prosent for depresjon hos dei med forsnevra kransårer.

Hos dei som hadde normale årer eller små endringar, var det framleis 22 prosent som hadde symptom på angst, og andelen med depresjon var redusert i liten grad.

– Det mest overraskande var at dei som fekk påvist normale kar eller små endringar i åreveggane framleis hadde eit ganske høgt angstnivå også eitt år etter undersøkinga. Då vi såg på endringar eit halvt og eitt år seinare, var det mindre symptom på angst og depresjon over tid hos alle gruppene. Men gruppa med behandlingstrengande stenosar hadde etter seks måneder mindre symptom på angst enn dei to andre gruppene. Dette synest vi var litt overraskande, seier Hanssen til Dagens medisin.

– Kva trur de kan vere forklaringa?

– At dei fekk forklaring på plagene og deretter blei henvist til behandling, som utblokking av årene eller hjarteoperasjon, spelte nok ei viktig rolle for nivået på angst og depresjon og var nok den viktigste forklaringa. Mens dei hjartefriske verken fekk forklaring på plager eller behandling, svarar Hanssen.

Studien har ikkje skilt på om dei med påvist hjartesjukdom fekk PCI (utblokking) eller bypassoperasjon.

Fysisk aktivitet hjelper mot angst
Høgast risiko for å ha angstsymptom etter eitt år hadde dei med høgare angstnivå før hjarteundersøkinga. Høgare skår på angst blei også rapportert av dei som ikkje var fysisk aktive. Depresjonssymptom før undersøkinga var åleine den viktigaste faktoren for vedvarande symptom også eitt år seinare.

Totalt 459 pasientar utan kjent hjarte- og karsjukdom og som skulle gjennomgå invasiv koronar angiografi i 2012 er inkludert i studien. Deltakarane blei følgd opp med spørreskjema før undersøkinga og etter seks og 12 måneder. Symptom på angst og depresjon blei kartlagt ved bruk av Hospital Anxiety and Depression Scale (HADS).

Les meir i nyheitsartikkelen til Dagens Medisin

Les også: Prokrastinering og depresjon henger sammen

Les også: 1 av 10 ungdommer er deprimerte