Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Fekk godkjent ny metode for målretta kreftbehandling

Som dei første i landet har forskarar i Tromsø fått akkreditert ein ny metode for kreftdiagnostikk. Analysemetoden vil gi pasientar nye behandlingsalternativ.


Per-Christian Johansen 22.11.2017 11:10   (Sist oppdatert: 24.11.2017 12:10)

Forskere ved UiT og UNN
Denne kvartetten er svært nøgd med at Klinisk patologi ved UNN har fått akkreditert den nye analysemetoden for kreftcelleprøvar. Frå venstre: Onkolog (kreftlege) Lars Blix, kvalitetsleiar ved Klinisk patologi Lena Oprand Heggelund, forskar og molekylærbiolog ved Klinisk patologi Thomas Berg og patolog Sonja Steigen. Foto: Per-Christian Johansen 

Skrive av Per-Christian Johansen, Pingvinavisa UNN.

Den nye analysemetoden (NGS-metoden, Next Generation Sequencing) er ein stadfesting på at miljøet ved Universitetssjukehuset Nord-Norge og UiT skaper resultat til nytte for kreftpasientane. 

– Metoden er ny innan kreftdiagnostikk og handlar om dypsekvensering av vevsprøvar. Ved hjelp av denne metoden kartleggast viktige genetiske endringar i kreftsvulsten hos kvar enkelt pasient. Basert på den genetiske informasjonen kan kreftlegane skreddersy behandlinga til den enkelte pasient i langt større grad enn det som var mogleg tidlegare, forklarer kvalitetsleiar Lena Oprand Heggelund og forskar Thomas Berg ved Klinisk patologi og UiT.

– Vi jobbar jo for å gi pasientane best mogleg svar på prøvane. Da kan dei også tilbydast best mogleg behandling. Så langt har det vore forska mykje på dette, og no kan det brukast i pasientbehandlinga, supplerer patolog Sonja Steigen ved Klinisk patologi.

 Molekylærbiolog Thomas Berg
Molekylærbiolog Thomas Berg framfor NGS-maskinen som er nytta til forsking, og no er ein del av den nye metoden for dypsekvensering av celleprøvar frå kreftpasientar. Foto: Per-Christian Johansen

Nye behandlingsalternativ

Metoden vil spesielt bli nyttig i samband med dei nye målretta kreftmedisinane som har komme på marknaden dei siste åra. Den nye diagnostikken, kombinert med dei nye medisinane, gjer at mange kreftpasientar no får fleire behandlingsalternativ. Mellom anna kan medisinar erstatte cellegift for heile eller delar av behandlinga.

– Utviklinga på dette feltet går fort, både med tanke på diagnostikk og nye legemidlar. Det er store forventningar til at denne diagnostiseringa og behandlinga vil få ein svært sentral rolle i kreftbehandlinga i framtida, legg Oprand Heggelund til.

Det er i første rekke pasientar med lungekreft, tarmkreft, brystkreft og føflekkreft som vil ha nytte av metoden. Kreftlege Egil Blix stadfestar at den nye analysemetoden vil bli til stor verdi for pasientane. 

– Dette er ein gledeleg utvikling for kreftpasientar tilknytt UNN i åra som kjem. Eg håper det vil bidra til å gjere fleire friske. Med ein meir treffsikker og målretta behandling kan pasientar også unngå seinskader som vi i dag ser etter bruk av cellegift, seier Blix.

Først med akkreditering

Metoden for dypsekvensering er komplisert. For å sikre høgast mogleg kvalitet i diagnostikken har Klinisk patologi difor fått akkreditert metoden etter ISO 15189, ein internasjonal standard for medisinske laboratorie. 

Dette er akkreditering: http://www.akkreditert.no/nn/hva-er-akkreditering/

I praksis går metoden ut på at DNA frå pasientens svulstvev trekkast ut og analyserast i ein spesiell maskin (NGS-maskin). Denne finn viktige forandringar i genane, og bidreg til å svara på korleis kvar enkelt pasient bør behandlast. Kvar prøve tar fem dagar å klargjere og analysere. Sjølve klargjeringa er ein detaljert prosedyre som bioingeniøreae utfører med stor presisjon.

– Akkrediteringa er ein offisiell anerkjenning av organisasjonens kompetanse og evne til å utføre angjevne oppgåver i samsvar med krav frå eit internasjonalt anerkjent akkrediteringsorgan. Det er Norsk akkreditering som utfører sjølve  akkrediteringa, og hos oss vart dette gjort i sommar. Stadfestinga på at metoden er godkjent fekk vi i september, seier Lena Oprand Heggelund.

Les òg: Det går mot individualisert behandling av lungekreft