Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Samarbeid med Australia?

Du tenkjer kanskje ikkje på Norge og Australia som to land som har så mye til felles, men begge landa har ein stor del urfolk. Står eit samarbeid på trappene?


Johanne Røe Mathisen 15.11.2017 09:32   (Sist oppdatert: 24.11.2017 10:19)

Professor Shawn Ewen (foran) kom til Tromsø for å diskutere eit samarbeid om urfolksforsking med UiT. Foto: Johanne Røe Mathisen

UiT er i desse tider i drodlefasen om eit potensielt samarbeid med University of Melbourne i Australia. Både Norge og Australia er heimstaden til urfolk, og eit samarbeid vil fokusere på dette. Nylig vart det organisert eit møte mellom UiT og Assosiate Dean for Indigenous Development ved University of Melbourne, Shawn Ewen.

Gjensidig utbytte

Professor Ewen kom på besøk til Tromsø for å diskutere eit eventuelt samarbeid om urfolkforsking og utdanning. I løpet av tida han var i Tromsø fekk han treffa fleire av fakulteta, mellom anna fleire som forskar på urfolkhelse frå Det helsevitenskapelige fakultet.

– Eg er veldig glad for at vi frå Senter for omsorgsforsking (SOF) vart invitert til møtet med professor Ewen frå Melbourne. Eg er sikker på at vi og Melbourne kan ha gjensidig utbytte av eit samarbeid, seier Bodil Hansen Blix, postdoktor ved SOF Nord.

– Forskingsfeltet mitt er helse- og omsorgstenester til den samiske folkesetnaden. Eit samarbeid mellom oss og Melbourne kunne vore fruktbart med tanke på å utforske fellestrekk og skilnader i Norge og Australia, fortel Blix vidare.

Mange fellestrekk

Ein aboriginar har kanskje ikkje så veldig mykje til felles med ein same, men fleire av utfordringane, som korleis dei møtest av resten av samfunnet, har mange likskapstrekk.

– Det er mange fellestrekk, men òg store skilnader i situasjonen til urfolk i Norge og Australia. Både historisk og i notid. Det er òg skilnader i korleis helse- og omsorgstenestene vert organisert og finansiert, som truleg betyr mykje for i kor stor grad ei utstrekking ein kan tilby likeverdige omsorgstenester til urfolk. Potensiale og utfordringar knytt til helse- og omsorgstenester i rurale område er òg eit felt av felles interesse. I tillegg til røynsleutveksling og gjensidige høve for forskingsopphald for PhD-stipendiatar, ville eit samarbeid om konkrete, felles forskingsprosjekt knytt til urfolk kunne vere fruktbart for oss ved SOF, seier Blix.

Les òg: Får ikke snakke om helsa si på samisk

Les òg: Selvmordsgåten

Les òg: Urfolk har dårligst helse