Velkommen til Fakultet for biovitenskap, fiskeri og økonomi
Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Siste song for kvalen?

Vi har det siste året late oss sjokkere av bilde av kval og fisk med magen full av plast, og heile plastkontinent i havet. Syng kval og liv i havet sin siste song?


Trude Haugseth Moe 10.11.2017 09:36   (Sist oppdatert: 30.11.2017 12:33)

Syng kvalen og liv i havet sin siste song? Kva kan vi gjere for å avgrense plastforurensning av havet? Det er tema for arrangementet Havets løyndomar 16. november, i regi av KG Jebsen-senter for havrett. Foto: Colourbox

Problemet har funnest i mange år, men først no byrjar vi å innsjå rekkjevidda av plastforsøplinga i havet. Kva i all verda kan vi gjere for å få bukt med dette enorme problemet, og kva for ei rolle kan juss, lover og reglar spele? Det kan du få vite meir om på neste «Løyndomane i havet» på UiT 16. november.
«Løyndomane i havet» er ein serie med populærvitskaplege foredrag i ein hyggeleg setting med litt fingermat og eit glas vin til, i regi av KG Jebsen-senter for havrett ved Det juridiske fakultet ved UiT. Det er no tid for årets siste foredrag, denne gongen om den svært aktuelle og enorme utfordringa rundt plastforsøpling i havet.

Denne kvelden får du høyre både om det store tverrfaglege prosjektet MARP (Marine Plastic Pollution in the Arctic) som Det juridiske fakultet er ein del av, og om kva rolle jussen kan spele på området. 

Stort prosjekt om plastforsøpling i havet 

Plast i havet er eit problem av stort omfang. Kan jussen bidreg? Foto: Colourbox

Med ti millionar i støtte frå Noregs forskingsråd, er MARP i ferd med å kartleggje status, årsaker, kostnader og moglege verkemiddel mot marin plastforsøpling.

Både økonomar, biologar, psykologar, juristar, forvaltingsinstitusjonar og interesseorganisasjonar for eit reint Noreg, berekraftig cruiseturisme og fiskeri er involvert. 

Prosjektet skal gje meir kunnskap om årsakene og status på forsøpling i havet i Arktis i dag; kor mykje søppel er det eigenleg? Kvar kjem søppelet frå? Korleis påverkar forsøplinga økosystemet og dei verdiane vi hentar frå havet og kysten? Og korleis kan ein avgrense det?

 Ser på heile samfunnet

– Prosjektet er spesielt. Tidlegare prosjekt har gjerne konsentrert seg om det naturvitskaplege, altså korleis dyreliv og økosystemet vert påverka av forsøpling. Dette prosjektet ser i tillegg på heile samfunnet rundt fenomenet med plastforsøpling, og kva ein kan gjere med det; ein ser mellom anna på produkta som forsøplar, ein har dialog med industri som kan vere opphavet til søppelet anten via tap eller dårleg avfallshandtering, og ein ser på lover og reglar rundt forsøpling, fortel Jannike Falk-Andersson, som skal presentere prosjektet under Løyndomane i havet.

Falk-Andersson jobbar no i SALT, men er tidlegare  prosjektleiar for MARP gjennom NORUT.

Komplekst juridisk problem

Jussen rundt plastforsøpling er òg utfordrande, og vert tema denne kvelden

 
– Marin forsøpling er eit komplekst problem, fordi det involverer så mange partar og så mange område. Når det gjeld Arktis, så vert mykje av søppelet frakta hit med havstraumar frå andre delar av verda, så juridisk sett er dette eit folkerettsleg problem, der mange land er involvert. Det er difor behov for å styrkje det internasjonale samarbeidet på dette feltet, seier Linda Finska, stipendiat ved KG Jebsen senter for havrett ved det juridiske fakultet på UiT.

Linda Finska er stipendiat ved KG Jebsen senter for havrett ved Det juridiske fakultet, UiT. Foto: Trude Haugseth Moe

Finska skal gje publikum eit innblikk i jussens rolle; kva for moglegheiter har ein for å avgrense  plastforsøpling i havet.

Ikkje la maktesløysa ta deg

Det er lett å føle seg makteslaus overfor eit så stort problem - men kanskje hjelper det å kome saman, få meir kunnskap og diskutere det med forskarar?


– Ta med deg vener og kollegaer, kom og høyr, still spørsmål og bli med på diskusjon etterpå, oppfordrar Ingvild U. Jakobsen, prodekan for forsking ved Det juridiske fakultet og havrettsforskar.

Tradisjonen tru har du samstundes høve til å nippe til eit glas vin og ete litt fingermat under "Løyndomane i havet".

Arrangementet er gratis og ope for alle. Sjå meir om tid, stad og påmelding på Tavla. 

Velkommen!

Skip to main content