Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Farvel til forsking for arkivskuffa

No er det slutt på at mange spennande forskingsoppgåver går rett i arkivskuffa. I samband med Forskningsdagane skal for første gong nesten 100 masteroppgåver i medisin presenterast for publikum.


Torgunn Wærås 26.09.2017 12:14   (Sist oppdatert: 26.10.2018 13:01)

Lars Rødland, Marte Brattebø, Ingrid S Elverud og Martin Støyten skal presentere oppgåvene sine på Alta bibliotek 28. september. Foto: Verena Woltering

Medisinstudentane ved UiT Noregs arktiske universitet, bruker det femte av sine seks studieår på å skriva ei individuell masteroppgåve. Resultatet er vanligvis eit vell av spennende forskingsoppgåver som knapt er tilgjengelege for andre enn rettleiarane.

 – Det vert skrive 100 masteroppgåver innafor medisin kvart år. Fram til no har dei vorte lagde i eit arkiv utan at nokon har formidla noko av arbeidet. Det er for gale, det er mange gode oppgåver, seier professor ved Institutt for samfunnsmedisin, Finn Egil Skjeldestad til iTromsø.

– Arbeidet må ut

Men no er det slutt på dette. I høve Forskingsdagane er det for første gong lagt opp til ein storstila presentasjon av alle oppgåvene for eit større publikum. Bur du i Tromsø, Bodø eller Alta, har du høve til å få eit innblikk i oppgåvene. Kvar student får bruke fem minuttar på sin posterpresentasjon, og det er også berekna tid for spørsmål frå publikum.  

 – Det er på tide at ein gjer det. Studentane legg ned haugevis av timar, og rettleiarane opptil 150 timer per oppgåve. Med så mykje arbeid må det ut. UiT er eit levande universitet der formidling er svært viktig, seier Skjeldestad.

Ikke berre for studentane

 Det er ikkje berre masterstudentane sjølv som kan dra nytte av presentasjonane.

– Vi ynskjer å synleggjera det faglege innhaldet for medstudanter, fagmiljøet og publikum, seier Skjeldestad.

Einaste universitet

 UiT er det første universitetet som vel denne framgangsmåten.

–Vi ynskjer å etablere dette som eit årlig arrangement, slik at publikum og fagmiljøet veit at vi kjem, vonar Skjeldestad.

Grunn til å vere stolte

 – Det er som å vere på ein internasjonal kongress. Dei ulike sesjonane har høgt fagleg innhald. Når ein set dette saman og ser kva dei står for, så har vi grunn til å vere stolte over studentane i Tromsø.

Arrangementet er opent for alle som vil komme. Presentasjonane føregår i parallelle bolkar over tre dagar under Forskingsdagane 26. – 28. september, kl 16.15 – 17.30, på MH-bygget i Tromsø, i tillegg til i Bodø og Alta.

 

26/9: Traumer og kvinnehelse

27/9: Kommunikasjon og hjerte/blod/kar

28/9: Kreftrelaterte tilstander