Velkommen til Institutt for samfunnsmedisin
Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Sikker på at du ikkje er beinskjør?

Du kan godt vere beinskjør utan at du veit det. Behandlingsprosjektet NoFRACT ynskjer å finne kvinner og menn med høg risiko for beinbrot, slik at dei kan få god behandling og oppfølging.


Johanne Røe Mathisen 19.09.2017 12:00   (Sist oppdatert: 12.12.2017 13:49)

Marit Osima, Camilla Andreasen og Kjerstin Aune skal syte for betre beinhelse blant nordmenn. Foto: Johanne Røe Mathisen

– Svært mange veit ikkje at dei er beinskjøre, og sjølv når dei får fleire brot forklarar dei brotet med at det berre var uflaks, at det var tilfeldig at dei fall på ein slik måte at det vart eit brot, fortel Marit Osima, prosjektlege ved Universitetssjukehuset i Nord-Noreg (UNN) og stipendiat ved Institutt for samfunnsmedisin (UiT).

Risikoen for å bli beinskjør aukar med med alderen, og ein reknar med at halvparten av norske kvinner over 50 år, og 20 prosent av menn på same alder, vil oppleve eit beinbrot i løpet av resten av levetida.

Verdstoppen

Faktisk så ligg Skandinavia på verdstoppen når det gjeld brotskader, og grunnen er ofte beinskjørheit. Difor trengs det meir fokus på denne tilstanden.

Fakta om beinskjørhet

Vi går ut ifrå at mellom 240 000 og 300 000 nordmenn har benskjørheit (osteoporose).

Ein gradvis reduksjon av beinmassen er ein del av den naturlege aldringsprosessen, men beinskjørheit eller osteoporose inneber at beinmassen vert redusert, eller blir porøs, raskare enn normalt. Grunnen kan også være at beinmassen er låg i utgangspunktet, som følge av sjukdommar eller ved bruk av enkelte legemidlar. Svekkinga av beinstruktur gir ingen symptom før ein får eit brot.

Hofte, underarm og rygg er dei vanlagaste stadene å få brot.

Kjelde: FHI

Det ynskjer Norwegian Capture the Fracture Initiative (NoFRACT) å syte for at vi får. NoFRACT er eit behandlingsprosjekt ved sju norske sjukehus, mellom anna UNN, i tillegg til sjukehus i Trondheim, Molde, Bergen, Oslo, Bærum og Drammen. Ved utgangen av 2016 hadde over 10 000 brotpasientar vore med i prosjektet.

Alle pasientar over 50 år, som nyleg har hatt eit beinbrot som vert behandla ved eitt av desse sjukehusa, får tilbod om ei standardisert undersøking for å sjå om dei er beinskjøre. Undersøkinga består av blodprøvar, kartlegging av risikofaktorar og beintettheitsmåling. Pasientar under behandling får tilbod om oppfølging av prosjektsjukepleiar per telefon etter tre månader og eitt år. Effekten av disse tiltaka vil bli målt i nasjonale register.

Brot aukar risikoen for fleire brot

Forskarane ved NoFRACT fortel at det ein gjer etter det første bruddet er svært viktig.

– Dei som alt har hatt eit brot har ein auka risiko for eit nytt brot, seier Camilla Andreasen, ph.d.-stipendiat ved Institutt for klinisk medisin og LIS-lege ved UNN.

NoFRACT har som mål at det første brotet skal vere det siste, for brota kan ha svært alvorlege følgjer.

– Spesielt hoftebrot er forbunde med auka dødelegheit. Nesten ein fjerdedel av alle pasientane med hoftebrot dør innan eitt år, fortel Osima.

 

Kva skal du gjøre om du er beinskjør?

Det finst legemidlar som kan behandle osteoporose, enten som tablettar eller intravenøst. Legemidlane hemmar nedbrytinga av gamalt beinvev.

Ein kombinasjon av kalsium og vitamin D vert brukt også for å hindre nye brot hjå personar som har fått påvist osteoporose.

Vektberande trening som turgåing eller jogging kan styrke skjelettet, det same gjeld styrketrening.

Elles er det anbefalt å halde gulvea ryddige og fri for ting ein kan snuble i, bruke sko som gir eit godt grep på underlaget, ha gelender i trappene, bruke gummimatte i dusjen og syte for godt lys om ein må opp når det er mørkt.

Kjelde: Helsenorge

Ver i bevegelse

Pasientane får informasjon om kva som er det beste kosthaldet, og korleis dei kan trene seg opp.

– Det beste du kan gjere om du har opplevd eit brot, er å bevege deg, gjerne trene balanse slik at du unngår å falle på nytt. Mange blir redde for all bevegelse, i tilfelle dei skal skade seg igjen. Det er lurt å gjere tiltak for å hindre fleire skadar, som å bruke broddar om vinteren og fjerne snublefeller heime, men ikkje å slutte å røre på seg, fortel Andreasen.

– Det er viktig med individuell behandling for kvar pasient. No finst det fleire medikament ein kan bruke for å behandle beinskjørheit, men det er ein fordel om ein tenkjer på å førebyggje denne tilstanden tidleg, fortel Kerstin Aune, prosjektsjukepleiar frå UNN.

Grunnlaget vert lagt tidleg

Maks beintettheit har ein rundt 25 års alder. Grunnlaget for beinhelsa legg ein alt i ungdomsåra.

– Det er aldri for tidleg å investere i beinhelsa, meiner Aune.

Ho er redd for at ungdom blir stadig meir stillesitjande, og meiner det burde satsast meir på fysisk aktivitet i skulen, mellom anna for å førebyggje framtidig beinskjørheit.

Likevel meiner ho at ein ikkje burde gi opp sjølv om ein alt har vorte beinskjør.

– Det er aldri for seint, seier ho.

NoFRACT på Forskingsdagene

NoFRACT håpar på å spreie meir kunnskap om beinskjørheit. Som eit ledd i dette kan ein møte dei på Forskningsdagene. Fredag 10-14 og laurdag 10-15 er dei å finne på stand i Teorifagbygget hus 1, i Solhallen.

– Kom gjerne innom oss dersom du vil vite meir om beinskjørheit. Berre hold utkikk etter skjelettet, så finn du oss, oppfordrar Osima.

Prosjektleiar for NoFRACT er Åshild Bjørnerem, overlege ved Kvinneklinikken, UNN og førsteamanuensis ved Institutt for klinisk medisin, UiT. Ho ynskjer alle velkomne til NoFRACT-standen for meir informasjon.

Les også: Et nasjonalt løft for bruddpasienter

Les også: Tren deg beinhard

Skip to main content