Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

– Over 1000 enkeltmaskinar knytt saman i eit kraftig nettverk

UiT Norges arktiske universitet har fått ein ny nasjonal superdatamaskin som inneber eit skifte i satsinga på tungrekneanlegg i Norge. Maskinen vil gi nye og større moglegheiter innan ein rekke forskingsfelt.


Torsøe, Mathilde, 19.05.2017 17:39   (Sist oppdatert: 22.05.2017 08:12)

LANSERT: UiT  har fått eit nytt tungregneanlegg. Til venstre "Fram" når det er mørkt og tett innpå til høgre. Foto: Foto/illustrasjon: Tove Midtun

Fredag var det offisiell opning av den nye superdatamaskinen «Fram» og infrastruktur for datalagring NIRD (National Infrastructure for Research Data) ved UiT Norges arktiske universitet i Tromsø. Arrangementet vart innleia av statssekretær Bjørn Haugstad (H) frå Kunnskapsdepartementet og Wenche Jakobsen, prorektor for utdanning.

– Det er veldig flott at vi får vere vertskap for superdatamaskinen og NIRD. Dette er viktig infrastruktur både nasjonalt og internasjonalt. Det er også kjempeflott at dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Kunnskapsdepartementet, Forskingsrådet og dei fire norske breddeuniversiteta, seier Jakobsen.

Ein rekke forskningsfelt er avhengig av superdatamaskinar for å lage og analysere såkalla «big data». Dette er datasett som er så store eller komplekse at dei er vanskeleg å analysere med vanlege dataprosesseringsverktøy.

– «Fram» vert ein del av den nasjonale infrastrukturen for forskarar i Norge og utanlandske samarbeidspartnarar. Store brukargrupper er teoretisk kjemi og kvantemekanikk, klimaforsking, polarforsking og astronomi. «Fram» og NIRD vil gje nye og auka moglegheiter innan ein rekke forskningsfelt i Norge, seier Roy Dragseth, leder for Seksjon for digitale forskningstjenester ved Avdeling for IT.

Nokre av Norges fremste forskingsmiljø har i dag behov for tungrekneanlegg.

– Festen for nerdar

Til no har det vore tungregneanlegg i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø. Selskapet UNINETT Sigma2, som er underlagt Kunnskapsdepartementet, har bestemt at det i framtida berre skal vere to nasjonale tungregneanlegg. UiT og NTNU vann konkurransen om å vere vertskap for desse, men alle breddeuniversiteta skal samarbeide om drifta av superdatamaskinane i Tromsø og Trondheim.

Statssekretær Bjørn Haugstad (H) synest det er svært bra at norske universitet og høgskular er innstilt på å gjere ting saman.

– Det er veldig morosamt å vere her i dag. Dette er antakeleg litt festen for nerdar, med ein fancy datamaskin og tal som er så store at dei er vanskelig å førestille seg. «Fram» og NIRD gjer at norske forskarar kan bidra til innovasjon internasjonalt, seier han.

HØG LYD: Statssekretær Bjørn Haugseth og Wenche Jakobsen, prorektor for utdanning, tek den nye superdatamaskinen i nærare augesyn. Maskinen durer høgt, og det bles godt frå anlegget. Foto: Mathilde Torsøe

LES OGSÅ: Dobler ytelsen på Stallo

Over 1000 enkeltmaskinar

Den nye superdatamaskinen står i Teknologibygget, mens NIRD står i kjellaren på Pasienthotellet ved Universitetssjukehuset Nord-Norge (UNN). "Fram" har 1,5 petabyte lagringsplass, eit minne på 60.000 gigabite og 940  compute nodes. Jakobsen brukar følgande samanlikning for å beskrive kapasiteten til maskinen:

– Vi er 7,5 milliardar menneske på jorda. Viss alle desse legg saman to tal i sekundet i ein og ein halv dag, vil det vere same kapasitet som "Fram" har på eitt sekund. Det er nesten ikkje til å fatte, seier ho og smiler.

Dragseth fortel at maskinen består av over 1000 enkeltmaskinar knytt saman i eit svært kraftig nettverk.

– Det interne nettverket i "Fram" har lik kapasitet som den samla breibåndstilgangen i Nord-Norge. Dette kraftige nettverket gjer at det er mogleg å få mange av datamaskinane i "Fram" til å jobbe saman for å løyse ein oppgåve som er for stor for éin enkelt maskin.

Den største skilnaden mellom det nye og gamle tungrekneanlegget "Stallo", er at det nye har større kapasitet og vert avkjølt av vann i rør i staden for luft.

NÆRT: "Fram" tett innpå. Foto: Tommy Hansen

LES OGSÅ: Nye Stallo sørger for miljøvennlig millionbesparelse

Langt framme på grøn energi

Det finnast fleire slike tungrekneanlegg i andre land, men ifølge Jakobsen ligg maskinen i Tromsø desidert lengst frem når det gjelder grøn energi. Ho seier at slike maskinar brukar svært mykje straum.

Men maskinen her på UiT gjev også tilbake. Når FRAM er i full bruk produserer den så mykje varme at vi kan leggje rør til andre bygningar i Breivika og varme opp desse. Det betyr at desse maskinane er rekna som grøn IT. Førebels snakkar vi om 70- 80 prosent energigjenvinning, eg trur vi kan komme opp i 100 prosent.

«Fram» varmar opp store delar av Teknologibygget og NIRD Pasienthotellet ved UNN ved hjelp av ny kjøleteknologi.

– Dei svære servicefarmane med superdatamaskinar i verda brukar til saman vesentleg meir straum enn heile Storbritannina i løpet av eit år. Veldig mykje av dette endar opp som varme, og det er veldig viktig å utnytte denne varmen til noko anna. Det vert gjort på ein veldig smart måte her i Tromsø, seier Haugseth.

Tre forskingssenter som er avhengig av superdatamaskinar presenterte nokre av prosjekta sine under opninga; «Hylleraas Centre for Quantum Molecular Sciences», «Rosseland Centre for Solar Physics» og «Bjerknes Centre for Climate Research». Dei skal nytte seg av «FRAM» i stor grad.