Velkommen til Institutt for arkeologi, historie, religionsvitenskap og teologi
Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Vil at kommuner headhuntar lærarstudentar

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen ønsker at distriktskommunar i nord skal headhunte lærarstudentar før dei er ferdig utdanna.


Stig Brøndbo 31.03.2017 14:07   (Sist oppdatert: 30.01.2018 18:06)

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen ønsker at kommunar i nord lokkar til seg lærarar gjennom å love dei fast jobb alt medan dei er studentar. Foto: Stig Brøndbo
Til våren er Ida Charlotte Johansen ferdig utdanna med master i lærarutdanning. Hun ønsker jobb i Vest-Finnmark og syntest det var nyttig å snakke med kommunane som kom til UiT i Alta og i Tromsø for å lokke lærarar til seg. Foto: Stig Brøndbo
Ordførar i Harstad, Marianne Bremnes, likte godt å bli invitert til speed-date med jobbsøkande lærarstudentar og ønsker møteplassen velkommen som eit fast, årleg og vårleg initiativ for å få fleire til å ta seg lærarjobb i nord Foto: Stig Brøndbo
Kommunalsjef for oppvekst i Hammerfest, Grethe Nissen, freistar ungdom i Hammerfest med rentefritt lån, gode stipend og fast jobb om de tar lærarutdanning og så jobb i heimkommunen sin. Foto: Stig Brøndbo

– Vi treng kommunar som tenkjer offensivt, som motiverer til at fleire tar lærarutdanning, og som tilbyr jobb og frynsegode som gjer at studentane vender heim når utdanninga er ferdig, sier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Lyttetur
Tysdag og onsdag var kunnskapsministeren på det han kalla ein lyttetur i nord. Målet var å få konkrete innspel frå kommunar, studentar og UiT Noregs arktiske universitet til korleis regjeringa på ein best mogeleg måte kan bidra til eit felles krafttak for å auke rekrutteringa til det ministeren omtalar som verdas viktigaste yrke. Alt fredag var det første tiltaket på plass – halvering av studielånet om du tek master 1-7.trinn og jobb i Nord-Noreg etterpå, men ministeren fekk også beskjed om at økonomiske tiltak åleine ikkje var nok.
– Tilbakemeldinga eg har fått frå studentane ved UiT i Alta og Tromsø er mellom anna at veldig mange ønsker jobb i heimkommunen – men at dei jobbane ikkje er der når dei er ferdigstuderte, seier Røe Isaksen.

Tenkt offensivt
Både ved UiT i Alta og i Tromsø møtte ministeren skoleeigarar frå distriktskommunar, og sjølv om han var på lyttetur, formidla han eit ønske om at kommunane må tore å tenkje langsiktig og offensivt.
– Gjennomsnittsalderen på lærarane i distriktet er høg og aukande, og dersom kommunen veit at dei har ein ledig jobb om få år, på same tid som ein av deira eigne tar lærarutdanning, så må kommunane vurdere å tilby studentane jobb frå den dagen dei er ferdigstuderte. Ventar de til jobben faktisk er ledig, har studenten sannsynlegvis etablert seg med jobb ein annan stad – og det kan vere lenge til neste gang kommunen har ein frå heimkommunen som tar lærarutdanning, meiner Røe Isaksen.

Speed-date
Studentane med master i lærarutdanning frå UiT, kan velje og vrake i jobbar i heile landet. For å få fleire av dei til å bli i nord, brukte kunnskapsministeren turen til Tromsø og Alta til å spleise skuleeigarane frå alle kommunane i Troms og Finnmark med jobbsøkande lærarstudenter. Til saman kom over 100 lærarstudentar, og både ved UiT i Alta og i Tromsø var det fleire studentar som fann tonen med skoleeigarane.
– Eg har søkt på fleire jobbar i Vest-Finnmark. Eg vil heim og det var nyttig å få snakke direkte med skoleeigarane, seier Ida Charlotte Johansen, som er ferdig med si masterutdanning til våren.

Nyttig
Også skoleeigarane var nøgde med å få treffe jobbsøkande lærarstudentar.
– Det var nyttig for oss å høyre kva som er viktig for lærarstudentane når dei bestemmer seg for kvar dei ønsker å jobbe, og det var ein fin arena for oss til å fortelje dei kva vi kan tilby. Eg håpar vi kan få til dette kvart år, seier ordførar i Harstad, Marianne Bremnes. Det same seier ordførar i Salangen, Sigrun Wiggen Prestbakmo, som hadde med seg to unge lærarar, kommunalsjefen og rektor på Salangen skole for å fortelje lærarstudentane kvifor dei bør søke jobb i akkurat deira kommune.
Stipend 
Også Hammerfest kommune var på friartokt mellom lærarstudentane.
– Vi er på jakt etter gode lærarar og det å få fortalt direkte til lærarstudentane kva vi faktisk kan tilby, var veldig bra, seier kommunalsjef for oppvekst i Hammerfest, Grethe Nissen. Ho var til stades både i Tromsø og Alta for å fortelje korleis hennar kommune motiverer eigne innbyggarar til å ta lærarutdanning gjennom å tilby stipend, rentefritt studielån og jobbgaranti.

Nøgd dekan
Også dekan ved Fakultetet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning, Sonni Olsen, var nøgd med møta i Alta og Tromsø.
– Lærarkrisa i nord er ikkje ny, og vi må tenkje både nytt og saman for å auke rekrutteringa til lærarutdanninga og læraryrket i nord, seier Olsen. Ho var også nøgd med spleisinga av skoleeigarane og lærarstudentane.
– Eg håpar vi kan få til denne typen speed date kvart år, seier Olsen.

 

Frå hausten 2017 startar UiT i Alta en desentralisert master i lærarutdanning.

Skip to main content