Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Tysk-norsk samarbeid

Kunnskapsdepartementet arrangerte dialogkonferanse 29-30.sept 2016


Håkon Fottland 18.10.2016 15:49   (Sist oppdatert: 19.10.2016 10:06)

Prof. Dr. Johanna Wanka | Federal Ministry of Education and Research of Germany

Som ledd i Regjeringa si Tyskland-strategi og Kunnskapsdepartementet si handlingsplan for strategien, arrangerte Tysk og Norsk Kunnskapsdepartement eit kunnskapspolitisk dialogmøte om  europeisk og bilateralt samarbeid - Berlin 29.-30.sept. 2016. Frå UiT var m.a. prorektor Wenche Jakobsen med.

Begge statsrådane tok del i arrangementet. I tillegg var KD, Forskingsrådet og SIU, pluss tilsvarande tyske institusjonar, breitt representert.

Andre dagen var det særskilde arbeidsgrupper:

  • How to enhance mobility and exchange between Germany and Norway
  • Steps to a better German-Norwegian cooperation in Horizon 2020/EUREKA
  • Internationalisation of clusters and attracting SMEs in joint cooperation

Erfaringar på møtet:

Eit sterkare fokus på bilateralt samarbeid – som utfyllande til det generelle EU-fokuset - blei kommentert som ein nyare trend. Dvs. det skal vera mogeleg å prioritera tysk-norsk samarbeid

Særskilt frå arbeidsgruppa om mobilitet:

Studieprogram: Det er eit relativt breitt tilbod av studieprogram med undervisning på engelsk ved tyske universitet, særleg innan applied sciences.

Stipend: Alexander von Humboldt-Stiftung/Foundation tilbyr ei rekkje ulike stipendordningar og fungerer som ein tysk versjon av Fulbright-programmet. Her er det likevel spesielt få norske søkarar.

DNSZ Tysk-norsk studiesenter i Kiel har tilbod om former for forskings- og utdannings-samarbeid som ein ikkje har med andre tyske universitet: såkornmidler, målretta språkkurs for norske studentar etc. Dette kan nyttast betre ved UiT.

Særskilt frå arbeidsgruppa om bedriftsklynger

Industriklynger: GCE og NCE (Global og Norwegian Centres of Expertise) er etablert i samarbeid mellom Innovasjon Norge, SIVA og Forskingsrådet for å styrka grupper/klynger av norske bedrifter Føremålet er: Auka innovasjon, målretta internasjonalisering, styrka vertsskapsattraktivitet, tilgang på skreddarsydd kompetanse

Fleire tyske og norske klynger hadde innlegg og viste til erfaringar og gode råd.

Framover: Komande arrangement til oppfølging bør vera fokusert og invitera målretta til tyske og norske UH-institusjonar. Her bør HUM/SAM/JUSS i sterkare grad koma inn.

Eit anna tema kan vera kompetanseheving for administrativt tilsette i UH-sektoren som arbeider med internasjonalisering. Om ein ønskjer å intensivera samarbeidet med tyske universitet og bedrifter er det ein stor fordel at administrativt tilsette har meir kunnskap om Tyskland/tysk språk og kultur.

Mobilisering på UiT: På UiT vert det planlagt ein International Staff Week Focus Germany, 20.-24.mars 2017