Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

– Det blir gjort mykje godt arbeid

– At det blir sett av midlar til dette, betyr at det blir jobba med utdanningskvalitet på fakulteta, seier prodekan for utdanning ved Det juridiske fakultet, Markus Hoel Lie.


Karine Nigar Aarskog 31.03.2015 12:00   (Sist oppdatert: 30.01.2018 13:13)

Markus Hoel Lie fikk blomster av rektor Anne Husebekk. Foto: Lars Åke Andersen
Markus Hoel Lie fekk blomster av rektor Anne Husebekk. Foto: Lars Åke Andersen

Han tok imot UiTs fyrtårnmidlar på 1,5 millionar kroner, på vegner av Det juridiske fakultet, under årsfesten 26. mars. Det er første gang desse midlane blir delt ut.

– Eg vil takke Lena Bendiksen, som er ein pådrivar og ei drivkraft for arbeidet vi er i gang med. Eg vil også takke UiT og Wenche Jakobsen, som gjer eit godt arbeid med utdanningskvalitet, sier Lie.

Det var prorektor for utdanning og kvalitet, Wenche Jakobsen, som las opp grunngivinga for utdelinga av midlane. Dei er gitt av universitetsstyret for å invitere fagmiljø til ei omfattande fornying av undervisning og rettleiing, enten for heile studieprogram eller delar av slike.

– Midlane skal bidra til utvikling av utdanningsmiljø som både nasjonalt og internasjonalt skal stå fram som framifrå, seier Jakobsen.

Fokus på læringsutbyte
Det var fem søkarar til midlane. Grunnen til at dei denne gongen gjekk til Det juridiske fakultet er at dette fakultetet gjennom sitt prosjekt «Kompetanse og læringsutbytte» har sett fokus både på studentane sitt læringsutbyte og heving av de tilsette sin kompetanse.

Prorektor for utdanning og kvalitet, Wenche Jakobsen. Foto: Torbein Kvil Gamst
Prorektor for utdanning og kvalitet, Wenche Jakobsen. Foto: Torbein Kvil Gamst

– Spesielt ynskjer ein å auke den digitale kompetansen. Ved å kombinere tradisjonell undervisning og nettressursar, ynskjer fakultetet å ta vare på det beste fra to verder og byggje på allereie godt etablert arbeid med utdanningskvalitet. Viktige stikkord her er god samanheng mellom undervisning og praksis på den eine sida, og studentinvolvering på den andre, seier Jakobsen.

I grunngivinga står det også at styrking av tilsette sin motivasjon og kompetanse i seg sjølv er eit godt tiltak som byggjer opp under fakultetet si satsing på undervisning og læring.

Fangar opp utfordringar
«Det same må seiast om deira medvitne satsing på pedagogisk kompetanse gjennom å engasjere ein eigen pedagog. Prosjektet ynskjer også å sjå på meritteringsordningar som del av sitt arbeid. I Prosjektet «Kompetanse og læringsutbytte» har fakultetet fanga opp nokon av dei mest sentrale utfordringane som norsk høgare utdanning står overfor når det gjeld undervisningskvalitet», står det vidare.

– Gjennom ei nøktern og realistisk beskriving av tiltak og mål har prosjektet også viktig overføringsverdi til andre fag og fakultet, seier Jakobsen.

Markus Hoel Lie er svært takksam for midlane.

– Vi skal være ansvaret bevisst ved å vere fyrtårn, og trekke resten av UiT og utdanningsnoreg med oss i dette arbeidet, seier Lie.