Disputas Åsne Øysteinsdotter Høgetveit


Master Åsne Øysteindotter Høgetveit disputerer for ph.d. -graden i humaniora og samfunnsvitenskap, fagområde litteratur og kultur.

«The Moral Vertical in Russian Cinema: Female Pilots, Flight Attendants, Cosmonauts and Aliens.»

Prøveforelesning starter kl. 10.15, samme dag og sted.

Kort sammendrag av avhandlingen:

I russisk kultur stend forteljinga om den moralsk overlegne kvinna sterkt. Forteljinga er vorte drøfta som eige motiv i tidlegare forsking på russisk attenhundretalslitteratur, og vart kalla Sofia av russiske tenkjarar og poetar (til dømes Vladimir Solovjev og Vjatsjeslav Ivanov) i den såkalla Sylvalderen (ved inngangen til førre hundreåret). Dette er den fyrste avhandlinga om korleis dette motivet har påverka kvinnelege karakterar på film gjennom dei siste hundre åra. I denne studien tek eg utgangspunkt i ein romleg teori om korleis vertikalitet er eit grunnleggjande bilete på hierarkiske strukturar og utforskar den moralske funksjonen til kvinnelege karakterar i 32 sovjetiske og russiske filmar. Hovudfokuset er på kvinnelege karakterar med ei sterk tilknyting til luftrommet og verdsrommet anten gjennom arbeidet sitt som pilotar, flyvertinner, eller kosmonautar, eller gjennom opphavet sitt som utanomjordiske. Påstanden min er at den romlege koplinga desse kvinnene har til romma over menneskja, definerer dei i ein diskusjon om kvinners funksjon som moralsk overlegne i russisk kultur. Ut i frå etablerte motiv om flygande kvinner, til dømes englar og hekser (og romantiske idear om Det evige kvinnelege og Sofia) vil spørsmål om kva det inneber å vera kvinne, kva det er å vera moralsk overlegen og kva høve til handling kvinner har i visse rom verte drøfta. I denne avhandlinga etablerer eg konseptet ‘moralvertikalen’, drøftar – det som innom forskingsfeltet er – både kjende og ukjende filmar og lanserer nye perspektiv på kva funksjon kvinner har i russisk kultur.

 

Les hele avhandlingen her.

 

Veileder:

professor PhD Andrei Rogatchevski, UiT Norges arktiske universitet i Tromsø

 

Biveileder:

professor PhD Henrik Gustafsson, UiT Norges arktiske uni versitet i Tromsø

 

Bedømmelseskomité:

Førsteamanuensis Lars Kristensen, Høgskolan i Skövde, Sverige (førsteopponent)

Førsteamanuensis Natalija Majsova, Universitetet i Lubljana, Slovenia (andreopponent)

Professor Kari Aga Myklebost, UiT Norges arktiske universitet i Tromsø

 

Disputasleder:

førsteamanuensis Linda Nesby, institutt for språk og kultur, UiT Norges arktiske universitet i Tromsø

 

Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne
Informasjon
Når: 16. mai 2019 kl. 11.15–15.00
Hvor: SVHUM B-1005
Studiested: Tromsø
Målgruppe: Ansatte, Studenter, Gjester / eksterne, Inviterte
Kontakt: Kari T. Guldahl