Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

PARKERING I HARSTAD

UiT Harstad har parkering for studentar og tilsette mot gebyr. Les skilta på parkeringsplassen. Det er ikkje mogleg å forhåndsbestille parkering.

Apcoa Parking er tenesteleverandøren for parkeringstenester ved UiT i Harstad. For å betala for parkering oppfordrar vi tilsette og studentar til å lasta ned smarttelefonappen Apcoa Flow, tilgjengeleg i App Store eller Google Play. Appen er regionlåst til Noreg, så du kan enten endra telefonregionen din, eller du kan betala via Apcoa parkeringsnettstad (mobilparkering.com).

Korleis registrere deg som brukar i APCOA Flow

  1. Last ned APCOA FLOW i App Store eller Google Play. Du kan også få tilgang til løysinga via mobilparkering.com.
  2. Opprett brukarprofil ved å fylle inn informasjon og les/godta brukarvilkår.
  3. Du vil få ein SMS for verifiseringskode. Tast inn kode og bekreft.
  4. Du er no registrert!

Korleis registrere Fordelsparkering for UiT med Feide

  1. Gå inn på «Fordelsparkering» i hovudmenyen, enten i app eller mobilparkering.com, og registrer fordelsparkeringa di for UiT.
  2. Les og godta UiT sine brukarvilkår.
  3. Registrer køyretøyet ditt som du ønskjer å knyte til Fordelsparkering. Dersom du ønskjer å bytte bil, må dette gjerast i profilen din under «køyretøy».
  4. Du blir sendt vidare til FEIDE for innlogging.
  5. Fordelsparkeringa blir fullført ved at FEIDE-ID blir knyta til profilen til brukaren.
  6. Registreringa av Fordelsparkering er fullført.
  7. Du kan no starte og stoppe parkeringa di!

Merk: Du må starte parkeringa kvar gong du parkerer.

  • Tilsette og studentar med ordinær bil: 3 kr timen mellom 08.00 og 16.00.
  • Tilsette og studentar med elbil: 2 kr timen
  • 80% prosent av inntektene frå parkeringsavgifta går direkte til miljøtiltak (sykkelparkering, garderobar og anna)
  • Eventuelle spørsmål om parkeringsanlegg på campus Harsted kan rettast til parkering@uit.no
  • Eventuelle spørsmål om tilsyn, skilt og parkeringsmålarar kan rettast til Apcoa parkering
  • Det er Apcoa parkering som handhevar reglane, sjå skilt på parkeringsplassane



Ansvarlig for siden: Tommy Hansen
Sist oppdatert: 08.06.2021 20:13