Arctic blue polygon pattern

Ruspolitikk ved UiT

Ruspolitikken til UiT Noregs arktiske universitet skal bidra til å skape eit inkluderande og trygt arbeids- og studiemiljø for studentar og tilsette. Ruspolitikken skal fremje ønska haldningar knytt til bruk av alkohol og andre rusmiddel. I høgre meny finn du ein nedlastbar versjon av ruspolitikken.

UiTs haldningar

  • Bruk av illegale rusmiddel er uakseptabelt blant studentar og tilsette
  • Det er uakseptabelt å møte på jobb eller i studiesituasjonen påverka av rusmiddel. Det blir forventa at ein viser måtehald ved representasjon eller i andre studie- og arbeidsrelaterte høve

UiT vil legge til rette for å hjelpe studentar og tilsette som har utfordringar med rusmiddel. Ruspolitikken ved UiT omfattar alkohol, illegale rusmiddel og medikament som ikkje blir nytta slik som legen har føreskrive.

Køyrereglar

  1. Alle studentar og tilsette ved UiT er ansvarlege for å bidra til eit rusfritt og godt studie- og arbeidsmiljø
  2. Det skal bli lagt til rette for rusfrie, sosiale arenaer både for studentar og tilsette
    a. UiT har eit særleg fokus på at introduksjonsvekene ved studiestart inkluderer mangfaldet i studentmassen, og at det blir gitt tilbod om alkoholfrie arrangement
  3. I UiT sine lokale skal det visast måtehald ved alkoholservering og alkoholkonsum
    a. For å servere alkohol må det søkjast om løyve og godkjenning frå UiT og andre relevante styringsorgan. I høve til alkoholservering skal det alltid bli gitt tilbod om tilsvarande alkoholfrie alternativ
  4. Det er nulltoleranse for bruk, omsetjing og eigedom av illegale rusmiddel
  5. Ved bekymring over egen eller andre sin rusmiddelbruk, blir studentar og tilsette oppmoda til å søkje råd hos blant anna tillitsvalt, næraste leiar, studentrådgivinga, bedriftshelsetenesta, fastlege eller andre kommunale helsetenester

UiTs ruspolitikk vart fastsett av Læringsmiljøutvalet den 25. mai 2018.

 



Ansvarlig for siden:
Sist oppdatert: 05.10.2018 11:51