Få utskriftsvennlig versjon ved å trykke på denne

Parkering i Harstad

UiT Harstad har parkeringsplass for studentar og tilsette mot avgift. Her gjeld prinsippet «først til mølla». Les skilting på parkeringsplassen.

Bruk appen Apcoa Flow for registrering og betaling for å få fordelsprisen for studentar og tilsette.

Korleis registrere deg som brukar i APCOA Flow

  1. Last ned APCOA FLOW i App Store eller Google Play. Du kan også få tilgang til løysinga via mobilparkering.com.
  2. Opprett brukarprofil ved å fylle inn informasjon og les/godta brukarvilkår.
  3. Du vil få ein SMS for verifiseringskode. Tast inn kode og bekreft.
  4. Du er no registrert!

Korleis registrere Fordelsparkering for UiT med Feide

  1. Gå inn på «Fordelsparkering» i hovudmenyen, enten i app eller mobilparkering.com, og registrer fordelsparkeringa di for UiT.
  2. Les og godta UiT sine brukarvilkår.
  3. Registrer køyretøyet ditt som du ønskjer å knyte til Fordelsparkering. Dersom du ønskjer å bytte bil, må dette gjerast i profilen din under «køyretøy».
  4. Du blir sendt vidare til FEIDE for innlogging.
  5. Fordelsparkeringa blir fullført ved at FEIDE-ID blir knyta til profilen til brukaren.
  6. Registreringa av Fordelsparkering er fullført.
  7. Du kan no starte og stoppe parkeringa di!

Merk: Du må starte parkeringa kvar gong du parkerer.

  • Prisen er for tida kr 3,- per påbegynte time mellom kl. 08.00 og 16.00.
  • El-bilar parkerer for kr. 2,- per time. 
  • 80 prosent av inntektene av parkeringsavgifta går direkte til miljøretta tiltak (eks. sykkelparkering, garderobeanlegg og liknande).
  • Har du spørsmål eller opplever problem? Kontakt oss
  • Europark handhevar ordninga.
  • Ver merksam på at det kan bli endringar i ordningane for parkering.

 



Ansvarlig for siden: Beate Kastnes Morsund
Sist oppdatert: 27.01.2020 12:38

Kontakt