Fyrstehandserfaring om bord FF Helmer Hanssen

For fyrste gang i mitt liv, vil eg få sjå og oppleve korleis våren og planktonbløminga i Barentshavet vil sjå ut. Fartøyet er snart klar for å ta oss om bord, og vi sitter i isolasjon på vakre Sommarøy i Troms. Mine tankar no er på reisa: Korleis vil det bli?

Deltakarane til toktet.
Deltakarane til toktet. Foto: UiT
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Asim, Muhammad muhammad.asim@uit.no Stipendiat / Jordobservasjon
Bilde av forfatter finnes ikke, dette er en placeholder
Stark, Charlotte charlotte.stark@uit.no
Publisert: 20.05.21 20:06 Oppdatert: 21.05.21 12:49
Opprinnelig publisert i Arven etter Nansen
Innlegget er en del av UiT sitt Forskerhjørne, hvor forskere ved UiT kan formidle egen forskning i form av korte, lettfattelige og populærvitenskapelige tekster.
Forskerhjørnet Arktis Hav Klima Naturvitenskap

Kva gjer vi om bord? Vi vil studere det marine livet gjennom å overvake vasskvaliteten. Vasskvaliteten, eller dei optiske eigenskapane til vatnet, er avhengig av kva som skjer i vassøyla i havet. I mitt prosjekt skal eg utvikle ein algoritme som konverterer satellitt-data til nøyaktige konsentrasjonar av klorofyll i Barentshavet. Ved å fjernmåle havets optiske eigenskapar, kan vi betre forstå dynamikken i storskala algeblomstringar i regionen.

Bakgrunn

Muhammad Asim er stipendiat ved UiT og arbeider i Arven etter Nansen. Prosjektet tek sikte på å utdanne framtidas forskarar. Asim arbeidar normalt med matematiske- og jordobservasjonar ved sitt kontor på campus. No skal skal han få vere med om bord FF Helmer Hanssen på sitt fyrste tokt og få fyrstehandserfaring med korleis dei samlar inn data på tokt som han nyttar i sitt daglege arbeid på land. 


I tillegg er eg også interessert i å kalibrere satellittinstrumenter i dette farvatnet så høgt nord, dvs Barentshavet. For å kunne nytte satellittdata), må det nemlig også samlast inn vassprøver saman med tilsvarande radiometriske data. Difor vil eg no delta i prøvetaking i Barentshavet- for å lære meg å samle vassprøver og analysere klorofyll ved hjelp av metoda «High Performance Liquid Chromotagraphy» (HPLC). Vidare vil dei radiometriske målingane over vatn bli samla inn for å validere satellittdata. Basert på desse valdieringane, kan vi utvikla ein regional algoritme som kan oppdage algebløming og estimere klorofyll i Barentshavet.

Isolasjon og førebuingar før tokt

Det er over ei veke sidan vi reiste frå Tromsø og kom til denne vakre plassen som heiter Sommarøy. Ei lita øy omtrent ein times køyretur utanfor Tromsø i Nord-Noreg. Omtrentleg 300 km over den arktiske sirkelen med nydeleg natur og dyreliv. Ein attraktiv plass for turisme og kjend for å kunne observere nordlys om vinteren og midnattssola om sommaren.

Nydeleg dag med sol er ideelt for fjernmåling. Snøen har allereie smelta, og vi kan sjå ein roleg sjø med klart vatn på Sommarøy.
Nydeleg dag med sol er ideelt for fjernmåling. Snøen har allereie smelta, og vi kan sjå ein roleg sjø med klart vatn på Sommarøy. Foto: Muhammad Asim

Sakte, men sikkert, førebuar vi oss til toktet som startar opp snart. Vi har dagleg undervisning der studentar presenterer sitt arbeid og diskusjonar. Forskarane deler også sine erfaringar frå felt, både gode og onde, slik at vi kan senke skuldrane og ikkje bekymre oss så mykje over kva som kan skje på tokt. Viss vi ynskjer å lufte hovudet, så har vi tilgang til å gå turar og oppleve eit fasinerande fugleliv rett utanfor hotellet. Det er havørn som flyt i lufta over oss, tjeld som roper høgt, rødstilk og gjess ved strandkanten, ulike måker og sikkert meir å utforske innan fuglelivet.

Forventningar og bekymringar før toktet

Eg har vore om bord mindre fartøy, men dette vil vere min fyrste tur på eit stort fartøy som FF Helmer Hanssen. Eg er klar for å vere ein del av eit større team av forskarar får forskjellege fagfelt som skal studere oppvakninga av økosystemet i Barentshavet (April-Mai). Dette toktet vil gi oss høve til å studere algeoppbløminga på nært hald. Eg er nyfiken på korleis dette vil sjå ut. Bilde frå satellittane synar at algebløminga kan dekke eit areal på fleire kilometer. Eg håpar eg vil sjå tidslina og variasjonar i planteplankton under toktoppdraget.

Det er mange bekymringar før toktet. Utanom røff sjø og å bli sjøsjuk, vi har nøydt å ta omsyn til a) sikkerheit på toktet, slik at vi alt vi gjer på toktet er trygt, b) kalibrere og teste utstyr som skal vere med om bord, c) om været blir fint nok til å drive med fjernmåling (ikkje lågt skydekke) og d) det blir ein satellittovervaking i området når vi tek prøvene frå området (slik at vi kan samanlikne). Og så er det viktig å peike ut at eg aldri før har stått på dekk eller samla inn vassprøver før. Fartøyet Helmer Hanssen vil bli bemanna me det tverrfagleg team av forskarar. Det vil også vere eit høgt nivå på organiseringa og koordineringa for å få alle til jobbe saman i team. Uansett, eg ser fram til å kunne få erfaringa frå teamarbeid og kunnskap frå mine kollegaer. Eg er sikker på at eg vil gjere mitt beste for å auke min kunnskap og få ein betre forståing av feltarbeid og tokt, og eg kan få formidle vidare mitt fagfelt til mine arbeidskollegaer om bord. Kanskje dette vil opne opp for eit framtidig samarbeid? Kven veit?

Rype vart observert kring hotellet akkurat før sola gikk ned.
Rype vart observert kring hotellet akkurat før sola gikk ned. Foto: Eva Leu/Akvaplan-Niva

ARCTOS / AeN Polarfronttokt 2021

Hovedideen bak dette fellestoktet er å utføre en detaljert karakterisering av polarfronten ved hjelp av en kombinasjon av fjernmåling, tradisjonelle og autonome prøvetakingsplattformer/teknikker.

Studien vil få fram hvordan fysiske prosesser, i forskjellige målestokker, påvirker økosystemtrekk over polarfronten. Dette inkluderer karakterisering av vårblomstringen på begge sider av fronten som forventes å skje i regionen under toktet, i tillegg til bestander av planteplankton, dyreplankton, fisk og bunndyr.

Forskerne vil også beskrive koblinger mellom biologiske og fysiske prosesser som foregår rundt frontalsystemet. Polarfrontstudien tar sikte på å øke forståelsen av det levende Barentshavet.

 

Opprinnelig publisert i Arven etter Nansen
Asim, Muhammad muhammad.asim@uit.no Stipendiat / Jordobservasjon
Stark, Charlotte charlotte.stark@uit.no
Vi anbefaler