Eit verdifullt møte om menneskerettar og matte

– Det er stort å få møte menneske som gjer så viktig arbeid i heile verda, sa prorektor for utdanning Kathrine Tveiterås då ho og rektor møtte representantar for Human Rights Data Analysis Group (HRDAG) i dag.

Marcela Douglas, Patrick Ball, Suzanne Nathans og Kathrine Tveiterås poserer utendørs.
Marcela Douglas, Patrick Ball, Suzanne Nathans og Kathrine Tveiterås framfor Senter for fredsstudier. Foto: UiT / Christian Halvorsen
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 23.11.21 14:17 Oppdatert: 24.11.21 08:21
Helse og velferd Lov og rett Samfunn og demokrati Tromsø

HRDAG gjer statistiske analyser av menneskerettsbrot i samarbeid med menneskerettsorganisasjonar, journalistar, kommisjonar og påtalemyndigheiter. No er dei i Tromsø for å møte UiT-leiinga, forskarar og studentar ved Senter for fredsstudier.

Patrick Ball deltek på møte.
Patrick Ball fortel. Foto: Christian Halvorsen

Patrick Ball er forskingssjef ved HRDAG, og har jobba med å bruke statistisk analyse og databasar for å avsløra statlege overgrep sidan 1991. Då hjelpte han til med å dokumentera menneskerettsbrot utført av militæret i El Salvador, som resulterte i at 100 offiserar måtte trekka seg. Han var med å stifte HRDAG i 2013, og har jobba med å dokumentera alvorlege menneskerettsbrot i heile verda, mellom anna i Jugoslavia, Syria og Guatemala. Gruppa med ekspertar på informatikk, programvareutvikling, statistikk og demografi har avslørt statleg koordinert vald og død i fengslar i Tsjad, forsvinningar under borgarkrigen i Sri-Lanka og politivald i USA. HRDAG fekk Raftoprisen i 2021 for sitt arbeid og har reist rundt i Noreg dei siste vekene.

– I første omgang ville eg gjerne oppleva Arktis, men når eg høyrte om kva dei gjer her på UiT Noregs arktiske universitet og fredssenteret, ville eg veldig gjerne møte dei, seier Ball.

Banebrytande metodar

Data knytt til grove menneskerettsbrot manglar ofte ofre, er partisk og kjem frå ulike kjelder og inkompatible format. HRDAG finn opp og utvidar vitskapelege metodar frå andre felt, til dømes matematisk statistikk, maskinlæring, programvareutvikling og informatikk, og brukar dei på menneskerettar. Leiar for fredssenteret ved UiT (CPS), Marcela Douglas, meiner dei rett og slett er banebrytande:

– Dei nyttar kjelder som til dømes individuelle vitnesbyrd, rapportar, administrative data, satellittbilete og mykje meir, og sett dei saman på forståeleg vis, seier ho.

– Då kan dei oppdage mønstre og gje statistiske estimat som tradisjonelle metodar ikkje kan levera. Statistisk analyse kan finne mønstre av tortur, forsvinningar, kidnappingar, krigsbrotsverk og utanomrettslege drap som elles ville verte borte i kaoset. Dei bringer krafta i kvantitativ analyse inn i jakta på rettferd, fortset Douglas.

Global påverknad

HRDAG held hyppig foredrag, og lærer villig bort metodar og forsking. Dei hjelper menneskerettsforkjemparar over heile verda å forstå statistiske datas rolle og kraft, og korleis ein kan nytta nye metodar for å fremje sitt arbeid. Dei kan hjelpe journalistar, styrke den juridiske saka mot ein brotsmann eller gje organisasjonar ny kunnskap. Dei har gitt bevis til sanningskommisjonar, internasjonale straffedomstolar, ikkje-statlege menneskerettsorganisasjonar og FN-oppdrag.

Me må læra studentane å forstå statistikk, ikkje laga den.

Ball vonar at han kan hjelpa verda å forstå statistikk betre:

– Me er frykteleg dårlege på å forstå kva data kan fortelje. Me trur det seier for mykje og for lite på same tid. Så me treng å forstå data som noko meir enn ting som kan teljast og lage grafar av. Det gjeld i alle fagfelt, men kanskje spesielt innanfor menneskerettar.

Frå møtet på fredssenteret, rektor snakkar
Ein engasjert rektor på møtet på fredssenteret. Foto: Christian Halvorsen

Dei to frå HRDAG fekk sjå kva CPS jobbar med, mellom anna då Mohammad Salehin og Gunhild Hoogensen Gjørv presenterte si forsking. Douglas er glad for at HRDAG vil vitje UiT og dela av si kunnskap.

– Me ser så mykje feilinformasjon og polarisering i verda i dag. Derfor er det utruleg viktig med truverdig informasjon, og å visa fram og læra av arbeidet med å finna og bruke grundig dokumentasjon i menneskerettsarbeidet, seier Douglas.

Prorektor for utdanning, Kathrine Tveiterås, synes det var eit gjevande møte.

– Han meiner at me i for stor grad lærer studentane å samle inn data og lage statistikk, og at me heller kan læra dei å forstå statistikk. Nokon skal sjølvsagt verte ekspertar, men dei fleste må verte gode på å sjå kva statistikk fortel og kva den ikkje fortel.

Ball skal og helde eit foredrag for masterstudentar ved CPS om rolla data og statestikk kan spele for sanningskommisjonar og tribunal på onsdag 24. november. Der vil han snakke om korleis metodane til HRDAG har avslørt store og koordinerte menneskerettsbrot som elles kunne ha vorte oversedd. Slik kan HRDAG hjelpa med å stilla gjerningspersonar for retten og gje ofre og pårørande ei kjensle av rettferd og kanskje ro.

Samarbeid i kjømda?

I møtet vart det óg snakka om korleis HRDAG og UiT kan jobba saman i framtida.

– CPS ser fram til å ha vidare dialog med HRDAG om eit potensielt samarbeid knytt til forsking og utdanning, seier Douglas. Kva det kan verte, er ikkje bestemt.

Tveiterås seier at ikkje berre CPS, men fleire studium og fagmiljø kan få god nytte av perspektiva som Ball la fram.

– Det er mange spennande moglegheiter i deira tilnærming, som gjer at me kan sjå på korleis me lærer studentane våre å læra.

 Patrick Ball er óg positiv til eit samarbeid med UiT:

– Me har nett starta med møta i dag, men me får sjå kva som dukkar opp, seier han.

Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Vi anbefaler