Topp fagleg kompetanse ved UiT i Alta

30.03.20 Magne Kveseth

Tre nye professorar og to dosentar. Fire av fem er kvinner. Auken av toppkompetansen ved universitetet kom like før det vart unntakstilstand forårsaka av koronaviruset, men er ikkje desto mindre gledeleg.

Friluftsliv,reiseliv, lærere
MANGE TILBOD: UiT i Alta får nye professorar og dosentar og styrker med det faggrunnlaget for både reiselivsinstituttet og lærarutdanninga. Foto: UiT

Fem fagekspertar ved UiT i Alta har altså no rett før påske rykte opp til toppstillingar. Viserektor Sveinung Eikeland er glad for dette, òg fordi fleire av dei er knytte til ei målretta satsing ved UiT for å utvikla kandidatar til toppstillingar særleg gjennom eigne program for kvinner.

– Dei nye i Alta varslar òg starten på eit generasjonsskifte på campus ved at vi no får tilsett professorar med fleire tiår framfor seg i dei posisjonane, seier viserektoren.

Tyding for kvalitet

Assisterande instituttleiar Gøril Figenschou ved Institutt for lærarutdanning og pedagogikk, seier instituttet hennar i 2020 har fått godkjent tre av dei fem i nye toppstillingar i Alta.

– Denne faglege toppkompetansen har stor tyding for kvalitet både på forsking og undervisning ved lærar- og barnehagelærarutdanningane i Alta, og vi er veldig stolte av å ha fagpersoner som er lokalt forankra og som har utvikla kunnskap saman med og for regionen vår, seier Figenschou.

Mange fell utanfor

Mirjam Harkestad Olsen vart tilsett mellombels ved UiT som professor i spesialpedagogikk hausten 2016 og har no fått endeleg godkjenning og dermed fast tilsetjing som professor.

– Eg brenn veldig for eit læringsfellesskap som inkluderer alle barn og unge. Dessverre er skulen i dag ikkje dimensjonert for å oppnå det. Det gjeld både det fysiske miljøet, kompetanse i spesialpedagogikk, ressurstilgang og organisatoriske løysningar. Mange elevar som strevar og mange elevar som har ein raskare læringsprogresjon fell utanfor fellesskapet. Det må vi motverka gjennom pågåande forsking og utdanning av lærarar med høg fagkompetanse – både faget i seg sjølv og det spesialpedagogiske aspektet i det, seier Harkestad Olsen.

Medvit om historie

Lisbeth B. Johanson er faglærar og historikar ved lærarutdanninga. Ho seier ho er fagleg mest opptatt av å forska på historiedidaktikk og integrerer omgrep som historisk tenking, historiemedvit og historiebruk i undervisninga.

– I tillegg er eg opptatt av korleis vi på ein best mogleg måte skal arbeida med digital kompetanse i faget og få til både djupnelæring og studentaktive læringsformer, seier Lisbeth B. Johanson som no har vorte dosent i samfunnsvitskap.

Fokus på stad og identitet

Silje Solheim Karlsen er professor i nordisk litteraturvitskap og arbeider som faglærar i norsk på grunnskulelærarutdanninga. Fagleg brenn ho særleg for nordleg litteratur og kultur, og forholdet mellom stad, historie og identitet.

– Eg meiner at bevisst litteraturarbeid i skulen er viktig som eit ledd i identitetsarbeid og i danningsprosessen, derfor er eg interessert i korleis vi kan arbeida med litteraturformidling og litteraturdidaktikk i skulen. I tillegg er eg opptatt av korleis vi kan utvikla og forbetra lærarutdanninga vår, som er ein fleksibel modell som gjer utdanning tilgjengeleg for fleire i regionen, seier Solheim Karlsen.

Kultur, kommunikasjon og reiseliv

Institutt for reiseliv og nordlege studiar har fått ein ny professor og ein dosent. Instituttleiar Bente Haug seier nivået i fagmiljøet ved instituttet gjer at dei kan vera heilt i front.

– Nok ein professor er ei stadfesting på nivået i vårt fagmiljø og det er viktig for oss i forhold til å vera med i forskingsfronten innanfor samfunnsvitskapleg reiselivsforsking, seier Haug.

Trine Kvidal-Røvik byrja å jobba ved UiT hausten 2014 og vart sist haust godkjent som professor i kommunikasjon og kulturfag. Ho har eit stort fagleg engasjement knytt til medium, samfunn og kommunikasjon.

– Sosial og politisk endring i media og populærkultur er viktige nedslagsfelt i forskinga mi, og eg er opptatt av korleis makt og innverknad blir fordelt i samfunnet. I undervisninga mi er kritisk tenking gjennomgåande viktig; eg ønsker å bidra til at studentane blir kritisk tenkande, sjølvstendige og analytiske, seier Kvidal-Røvik.

Marknadsføring heile tida

Dosent Kristen Albert Ellingsen ved Institutt for reiseliv og nordlege studiar seier han er mest opptatt av ulike emne innan området leiing og marknadsføring. Dei emna han har jobba mest med er kvalitet, service og merkevarebygging.

– Eg er spesielt opptatt av at marknadsføring ikkje blir sett på som ein eller nokre få aktivitetar, noko vi prioriterer når vi har tid, men heller kontinuerlege prosessar som gjer det mogleg å holda oppe ein tett dialog med kundane og partnarane til bedrifta. Det same vil òg vere tilfellet for offentlege verksemder. Eg er opptatt av at den kunnskapen som vi utviklar og formidlar skal opplevast mest mogleg relevant for dei framtidige arbeidsgivarane til studentane. Opplevast ikkje kunnskapen og læringa som relevant, vil heller ikkje vi som institusjon gjera det, avsluttar Ellingsen.

På Twitter   #norgesarktiske