Lèt elevar leike med influensavirus


Er det virtual reality (VR) som skal lyfte kjemi-faget til nye dimensjonar? 

Elev frå Kongsbakken vidaregåande skule tester ut VR Laben
Elevane frå programfag kjemi 1 på Kongsbakken vidaregåande skule fekk vere med å teste ut VR Laben på Institutt for kjemi. Foto: Jonatan Ottesen

På Institutt for kjemi står seniorforskar Geir Villy Isaksen og masterstudent Magnus Burkow og gjer klart VR-utstyr. I dag kjem nemleg kjemi-klassa frå Kongsbakken vidaregåande skule på besøk til Skulelaboratoriet i realfag.

– Vi ynskjer å utforske verdien av interaktiv visualisering som verktøy både i kjemiundervisning og –forsking. Dette er ein del av ei større satsing på bruk av VR i kjemi, og no er vi ute etter å samle erfaring og teste moglegheitene, seier Annette Bayer, instituttleiar ved Institutt for kjemi.

Molekyl i virtuell verkelegheit
Slik såg den virtuelle verkelegheita med molekyla ut. Foto: Jonatan Ottesen

Kva læringsutbytte får elevane? 

Skulelaboratoriet

  • Tilbyr aktivitetar for elevar og etter- og vidareutdanningskurs for lærarar.
  • Les meir her: www.uit.no/skolelab

 

Geir Villy Isaksen er allereie overtydd om at VR verkar i undervisning.

– Eg trur også at dette vil bringe ein ny interesse for kjemi, og det gir noko ekstra til faget som vi har mangla. Det er ikkje perfekt, og det vil ta nokon år å utvikle, men eg trur dette er bra for både undervisning og forsking i kjemi. Vi må berre få skreddarsydd et opplegg som fungerer, seier han.

Magnus Burkow nikkar, og legg til:

– Vi må også spørje kva læringsutbytte elevane og studentane får. I kjemi har læringsmetodane stått i ro lenge med bøker og tavleundervisning. Her får elevane ta på, og studere molekylene på en måte du ikkje kan på ein flat skjerm eller i ei bok. Kjemi er abstrakt, og her får ein større forståing og det blir kanskje lettare å lese om det i pensumboka etterpå.

masterstudent Magnus Burkow og seniorforskar Geir Villy Isaksen
Masterstudent Magnus Burkow og seniorforskar Geir Villy Isaksen håpar VR skal gje kjemi-faget eit etterlengta lyft. Foto: Jonatan Ottesen

Så, kvifor VR?

Elevane frå Kongsbakken får studere viruset som sto bak det som på folkemunne ble kalla «svineinfluensa» for nokon år tilbake. Burkow viser dei kor i proteinet dei fant vaksinen mot sjukdommen.

– Med å sjå det i 3D kan vi gå inn i molekylene på en betre måte enn vi kan med ein datamaskin med flat skjerm. Romkjensla er betre på nanonivå, vi kan sjå detaljar og lage medisin på en mykje betre måte enn før, forklarar han.

– Å kunne sjå, ta og kjenne på korleis eit molekyl er, gir ein annan dimensjon i molekylærvitskap, legg Isaksen til.

Dei fleste av elevane hadde ikkje prøvd VR før, men etter litt nøling og testing satt det som et skott.

– Eg trur dette er ein veldig nyttig måte å lære på, seier elev Anders Martinez.

VR-prosjektet er eit samarbeid mellom UiT og Universitetet i Bristol.

På Twitter   #norgesarktiske