UiT-forskar med prestisjefullt oppdrag

UiT-professor Anna Nylund er vald inn i styret til International Association of Procedural Law, som er ein internasjonal vitskapleg foreining for sivilprosessrett.

Aarskog, Karine Nigar
Publisert: 12.11.19 09:11 Oppdatert: 12.11.19 09:27

Anna Nylund er professor ved Det juridiske fakultet ved UiT.
Anna Nylund er professor ved Det juridiske fakultet ved UiT. Foto: Trude Haugseth Moe

– Det er ei stor ære og eit prestisjefullt oppdrag, sier Anna Nylund, som er professor ved Det juridiske fakultet og leiar for forskergruppa i prosessrett og tvisteløysing.

Les også: Mekling erstatter mange rettssaker, men brukes ofte feil

Eit stort ansvar

Styret i International Association of Procedural Law har ansvaret for den vitskaplege kvaliteten på foreiningsverksemda og avgjer mellom anna kva for tema som skal behandlast under kommande konferansar. Vidare har styret ansvaret for å godkjenna programmet for konferansane inklusive inviterte talarar, og dessutan skal godkjenna nye medlemmer, som blir valde ut på grunnlag av dei vitskaplege merittane sine. Styret påverkar dermed kva for tema som viges merksemd og kva for forskarar som får synlighet.

– Derfor er det viktig at styremedlemmene har god innsikt i både aktuelle debattar og over dugelege forskarar i regionen sin og globalt, sier Nylund.

Les også: – I praksis er det helt umulig å ha andre regler enn EU

Aarskog, Karine Nigar
Publisert: 12.11.19 09:11 Oppdatert: 12.11.19 09:27
Vi anbefaler