Dramatisk auke i poenggrense på sjukepleiarutdanninga


Snittet for å komma inn på Bachelor i sjukepleie i Tromsø har auka med over fire poeng på eitt år.

2018 var det store rekordåret for søkarar til høgare utdanning i Norge. I år har det gått litt ned, og 2018 var det store rekordåret for søkarar til høgare utdanning i Noreg. I år har det gått litt ned, og UiT har i år 8269 søkarar som hadde oss som førsteprioritet, mot 8820 i fjor. Dette er likevel ein ganske stor auke frå dei 7714 førsteprioritetssøkarane i 2017. I år har UiT sendt ut 6509 tilbod om studieplass. 

Høgare krav til sjukepleiarutdanninga

Nytt av året er at det er komme karakterkrav med snittkarakter på tre i norsk og matematikk for å vera kvalifisert til bachelor i sjukepleie. Dette gjer at fleire ikkje lenger er kvalifiserte til studiet og det blir vanskelegare å komma inn med realkompetanse.

Likevel har UiT mange kvalifiserte søkarar, og på alle sine fire sjukepleiarutdanningar i Harstad, Narvik, Hammerfest og Tromsø, er det lange ventelister. Totalt har 330 personar fått tilbod om plass på Bachelor i sjukepleie, medan 494 står på venteliste.

I Tromsø ser vi òg at poenggrensa for å komma inn på utdanninga har gjort eit markant hopp til 58,1 poeng, mot 54,6 året før.

– Dette tyder på at vi har høgt kvalifiserte søkarar, og ikkje noko er betre enn det, seier prorektor Wenche Jakobsen.

Vi ser òg at det er ein liten auke i poenggrensa på medisin frå 66,4 til 66,9 i årets opptak. Det same gjeld odontologi som har auka frå 64,2 til 65,1.

Normalisert på lærarutdanninga

I fjor var det rekordmange søkarar på lærarutdanningane, og heile 793 fekk tilbod om studieplass. I år er talet det same som i 2017, og 628 tilbod har gått ut.

– Det var svært gledeleg å sjå søkartala i fjor, så her må vi nok jobba endå hardare for å sørga for at tala held seg høgare, seier Jakobsen.

Mange vil bli paramedisinar

Ikkje overraskande så er det også i år lange ventelister på dei mest populære studiane. Medisin har 1429 på venteliste, odontologi har 466 og rettsvitskap 1310. Av andre populære studiar finn vi luftfart, fiskeri- og havbruksvitskap, sosialt arbeid, barnevern, sjukepleie og psykologi.

I fjor starta det nye studieprogrammet paramedisin, som vart populært blant søkarane. Det er det også i år, der 199 personar har fått tilbod om å stå på venteliste for dei 25 studieplassane.

På Twitter   #norgesarktiske