UiT og NTNU bruker ny teknologi for å redusera det menneskelege fotavtrykket i arktisk forsking

Fredag 21. juni startar det årlege Outreach-toktet på Svalbard som vert arrangert av UiT Noregs arktiske universitet. Toktet er eit flytande seminar om bord på UiT sitt forskingsskip, «Helmer Hanssen», med strandhogg fleire stader på øygruppa.

Aarskog, Karine Nigar
Publisert: 20.06.19 12:50 Oppdatert: 10.01.20 10:07

Formålet med toktet i år er å synleggjera korleis ny teknologi kan gi betre kunnskap om Arktis.

– Det er viktig å innhenta kunnskap om korleis klimaendringane påvirkar dei arktiske områda. For at forskinga vår ikkje skal auka den menneskelege påverknaden i desse sårbare områda må vi vera i front når det gjeld å utvikla og bruka ny teknologi. Vi er veldig glade for det gode samarbeidet vi har med NTNU i denne samanhengen, seier rektor ved UiT, Anne Husebekk.

Med seg på toktet har Husebekk ei rekke forskarar frå UiT, NTNU og Universitetssenteret på Svalbard og selebre norske og internasjonale gjester. Toktdeltakarane får mellom anna sjå såkalla ROV-er og AUV-er i aksjon, som er høvesvis små, fjernstyrte og sjølvgåande robotar.

– Slike robotar er ikkje berre med på å redusera fotavtrykket, dei er òg essensielle for å kunna studera biologiske prosessar utan forstyrringar frå menneske og skip, seier toktleiar og professor ved UiT, Jørgen Berge. 

For meir informasjon, ta kontakt med kommunikasjonsrådgjevar ved UiT, Karine Nigar Aarskog: 95158407 / karine.n.aarskog@uit.no  

Aarskog, Karine Nigar
Publisert: 20.06.19 12:50 Oppdatert: 10.01.20 10:07
Vi anbefaler