Studentane plukkar søppel under vatn - igjen


Undervassklubben til studentane i Tromsø tek samfunnsansvar og samlar søppel under vatn for sjette gong. Og det er ikkje akkurat lite søppel dei finn på sine ryddeaksjonar i sjøen utanfor Tromsø.

Laurdag 11. mai skal undervassklubben til studentane i Tromsø (SUT) igjen samla søppel under vatn. Denne gong i sjøen langs Stakkevollvegen. Foto: Ireen Vieweg

I løpet av berre fire timer i mai i fjor var Studentenes Undervannsklubb i Tromsø (SUT) med å samla inn mellom 200 og 300 kilo med søppel i ein ryddeaksjon i Tromsø indre hamn. 

Til saman 47 frivillige frå SUT, Tromsø undervassklubb, havpadleklubben Trulle, mannskap frå Multiconsult og dykkarar frå Tromsø Brann og Redning stilte då opp og rydda fire timar.

Lørdag 11. mai i år er det igjen klart for en ny ryddeaksjon. Denne gang skal SUT rydde i sjøen langs Stakkevollveien. Her forventer de å finne en god del søppel og skrot.

– Vi har allereie gjennomført eit testdykk bak kaia nedanfor REMA1000 for å sjå kva vi kan forventa under ryddeaksjonen og har til dømes oppdaga eit bilvrak. Men det må styresmaktene ta hand om, fortel postdoc ved UiT og styremedlem i SUT, Ireen Vieweg.

Finn plast, bildelar og forbruksvarer 

Elles er det svært variert kva SUT pleier å finna på sine ryddeaksjonar. Det er både søppel som kan ha vorte blåst på havet frå butikkar, til dømes eingongsbestikk, salatboksar og plastposar. Dei finn óg ting som må ha vorte kasta med vilje. Det kan vera bildelar som bilbatteri, veiskilt og dekk. Dei har óg funne forbruksvarar som støvsugar og datamaskin.

– Mykje av søppelet vi fann bak kaia no må ha vorte kasta i havet med vilje. Vi kunne ikkje finne noko søppel som har vorte transportert med havstraumen inn til kaikanten. I tillegg skal vi rydda havbotnen bak moloen (rett bak JM Motor AS) der eg forventar ein del søppel som ufrivillig vert frakta med i snøen som kommunen dumpar i havet på den plassen: små plastdelar og alt mogleg som man finn på bilvegar, seier Ireen Vieweg.

– Kan alle bli med på denne ryddeaksjonen?

– Ja, absolutt. Vi treng sjølvsagt mest folk i vatnet i form av dykkarar og fridykkarar, men vi har óg behov for hjelp på land og i båt. Alt søppelet skal ein transportere til land der vi kjem til å sortera søppelet etter eit registreringsskjema frå ”HaldNoregReint”. Denne informasjonen er veldig viktig for dei for å kunna kartlegga kva fort type og kva for ei mengde søppel som forureinar den norske kysten.

Bildekk er ein gjengangar når det gjeld kva SUT finn på ryddeaksjonane sine. Foto: Bo Eide

Ønsker eit reinare miljø under vatn

Ireen Vieweg fortel at undervassklubben får mange gode tilbakemeldingar på ryddeaksjonene sine.

– Vi har fått veldig god respons, både når det gjeld oppmøte av frivillige og ein veldig positiv dugnadsånd blant dei engasjerte - men óg frå kommunen. Bo Eide frå Tromsø kommune har støttet aksjonane våre både finansielt gjennom prosjektet ”Rein Kyst”, men óg med fagleg råd. To ryddeaksjonar vart organisert i samarbeid med arrangementet «Fritt Fram» ved Framsenteret i 2016 og 2017, og der var det stor interesse for aksjonen vårfrå publikum.

– Vidare ville det ikkje ha vore mogleg å gjennomføra ryddeaksjonen utan støtte frå kajakkfolk frå havpadleklubben Trulle og båtmannskapet frå Multiconsult. Dei har ein utroleg viktig jobb under ryddeaksjonen når dei løftar alt søppel som vi har merkt med bøyer og fraktar han til land, noko som ville ha vore mykje meir vanskeleg utan hjelpa deira. Det er heilt fantastisk å kunna få denne støtta, legg Vieweg til.

Hovudmotivasjonen bak ryddeaksjonane er å kunna bidra til å skaffe eit reinare miljø under vatn på offentlege plassar og populære dykkemål. SUT vil gjerne bidra med å verna det marine miljøet og tar tak i utfordringa vi har med forsøpling av havet.

– Havet er eit veldig fascinerande miljø, særskilt når ein kan utforska det som dykkar. Sjølvsagt er bidraget vårt under ryddeaksjonen relativt lite i forhold til mengda av søppel som finst i havet. Anteken mengde søppel på havbotnen er 70 kilo per kvadratkilometer. Men gjennom ryddeaksjonane våre klarar vi å få merksemd rundt problemet med havforsøpling hos eit brett publikum. Og kanskje kan vi klara å få folk til å tenka seg om før dei kastar eit bilbatteri på havet neste gong? Kanskje dei heller køyrar søppelet sitt til Remiks i staden for å berre kaste det på havet. 

Å samla søppel frå havbotnen er eit stort arbeid, og det er ofte eit samarbeid mellom fleire. Her er både SUT, Multiconsult og havpadleklubben Trulle involvert. Foto: Bo Eide

Ideen starta i 2016

Ideen om ein ryddeaksjon under vatn stammar frå eit initiativ som Noregs Dykkarforbund og Sparebankstiftelsen DNB tok i 2016. 

– Vi vart med same år og sidan har vi gjennomført til saman fem ryddeaksjonar, fortel Ireen Vieweg.

Ho forklarer at det er fleire kriterium som er viktige for dei når SUT vel kvar dei skal ha ein ryddeaksjon:

  • Det må vera oppdaga ein god mengde med søppel under vatn
  • Det må vera enkel logistikk for å få dykkarar, fridykkarar, båt og kajakar i vatnet
  • At det er mogleg for SUT å ha oversikt over all aktivitet i vatnet og dermed sikra ein aksjon der ingen vert skadde
  • Bedrifter som ligg ved ryddeplassen må óg vera innforstått med ryddeaksjonen

 

På Twitter   #norgesarktiske