– No har vi moglegheita. Då er det jo berre å ta han

– Vi gjer det rett og slett fordi vi har moglegheita til å reisa ut som studentar, seier Mathias Sæterbø (24), Hans Ivar Arumairasa (25) og Halldor Arnarson (23). Dei tre masterstudentane frå Institutt for industriell teknologi ved UiT i Narvik, er no klare for fire månader med utvekslingsopphald ved prestisjetunge Beijing Institute of Technology (BIT).

Eidum, Espen Viklem
Publisert: 20.02.19 15:25 Oppdatert: 27.11.19 15:22

Dei tre UiT-studentane Mathias Sæterbø (raud genser), Hans Ivar Arumairasa og Halldor Arnarson er flankert av Tor-Arne Jenssen (th), Seksjon for internasjonalt samarbeid, Wei Deng Solvang, instituttleiar ved Institutt for industriell teknologi og Hao Yu, stipendiat ved Institutt for industriell teknologi. Foto: Espen Eidum

Det er ikkje kvardagskost at UiT-studentar vel Kina som destinasjon for utveksling. I 2018 hadde UiT to studentar ved Peking University Law School (jus) og ein student ved Thinghua University (økonomi). I år er det berre dei tre masterstudentane frå UiT i Narvik. Og faktisk er det nesten 20 år sidan førre gong studentar frå Narvik drog på utvekslingsopphald den vegen.

Semesterstart

Dei tre studentane frå Fakultet for ingeniørviteskap og teknologi (IVT-fak) let seg likevel ikkje stressa verken av avstand, møtet med ein ny kultur eller ein ny studiekvardag.

– Vi har vel alltid hatt lyst til å legga inn eit opphald i utlandet under studiane. No har vi moglegheita, og då er det jo berre å ta han, seier dei tre, som til dagleg går siste året på master i Industrial Engineering.

Hege Kristin Widnes, Seksjon for internasjonalt samarbeid. 

I dag, onsdag 20. februar, sette dei seg på flyet til Kina. Torsdag er det semesterstart ved Universitetet i Beijing. Då venter  òg tre vegleiarar frå BIT på UiT-studentane.

Vil du vita meir om utveksling? Sjekk UiT sin utvekslingsportal

Ifølgje instituttleiar Wei Deng Solvang ved Institutt for industriell teknologi har det statlege Beijing Institute of Technology rundt 25.000 studentar på alle nivå mellom bachelor og PhD. Om lag 1.000 av desse er internasjonale studentar.

UiT og BiT med samarbeidsavtale

Den første kontakten mellom UiT og BiT vart oppretta under Internasjonaliseringskonferansen i 2018. Han vart halden i Bodø i mars i fjor i regi av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku). Der var òg ein stor delegasjon frå ei lang rekke kinesiske universiteter.


Før jul i fjor underteikna UiT, ved rektor Anne Husebekk, ein samarbeidsavtale med BIT. Og i januar var Solvang sjølv, saman med kollega Hege Kristin Widnes frå Seksjon for internasjonalt samarbeid, i Beijing for å legga til rette for eit utvekslingsopphald for både desse og kommande studentar. 
En måned senere reiser altså de første av sted.

Eige stipend for UiT-studentar

- BIT satsar på internasjonalisering og har uttrykt stor interesse for å ha studentar frå UiT på utveksling. Mellom anna tilbyr dei eit eige stipend for UiT-studentar, fortel Solvang. Masterstudentane som no reiser fra Narvik får gratis bustad i Beijing. Dei betaler heller ingen studieavgifter for semesteret ved BIT. Med dei tre masterstudentane som no reiser til Kina, vonar Solvang at òg andre ser dei moglegheitene eit utvekslingsopphald gjer.

- Eit studieopphald i utlandet kan gje deg økt utbytte av utdanninga du er i gang med. Utveksling kan òg ha ein positiv effekt på jobbmoglegheitene dine, ikkje minst fordi du i tillegg til faglege evner tileignar deg kulturkunnskap og utviklar personlege eigenskapar som gjer deg meir attraktiv ovanfor framtidige arbeidsgivarar, seier Wei Deng Solvang. 

 
 
Eidum, Espen Viklem
Publisert: 20.02.19 15:25 Oppdatert: 27.11.19 15:22
Vi anbefaler