Ny studieretning skal bli endå betre

01.02.19 Strømsvold, Julie

UiT og Helse Nord IKT har inngått eit samarbeid med mål om å auka den helseteknologiske kompetansen i nord. Dette blir spesielt viktig for UiT si ferske studieretning innan helseteknologi.

Rektor Anne Husebekk og administrerende direktør ved Helse Nord IKT Oddbjørn Schei, møttest denne veka for å inngå ein samarbeidsavtale mellom dei to organisasjonane. Målet med avtalen er å bidra til innovasjon og kunnskapsutveksling gjennom mellom anna samarbeid om undervising i ulike studieprogram ved UiT. Samarbeidet vil òg inkludera sommarjobbar og praksisplasser for studentane.

Administrerande direktør ved Helse Nord IKT Oddbjørn Schei og rektor Anne Husebekk. Foto: Julie Strømsvold

Helseteknologi – den nye studieretninga til UiT

Professor ved institutt for informatikk, Anders Andersen. Foto: David Jensen

Avtalen er spesielt relevant for den nye studieretninga ved UiT, helseteknologi, som tok imot sine første studentar no i haust. Anders Andersen, professor ved Institutt for informatikk, fortel at det var lett å danna eit samarbeid med Helse Nord IKT.

– Ikkje berre har dei eit behov for den kompetansen vi ønsker å utdanna, men dei kan òg bidra til at studiet blir betre. Dei kan gje studentane våre konkrete problemstillingar, og vi kan samarbeida om prosjektoppgåver og masteroppgåver, forklarer Andersen.

Andersen kan òg sjå føre seg eit samarbeid knytt til forsking, sidan UiT har fleire forskingsprosjekt knytt til helseteknologi. Dette varierar frå bruk av moderne maskinlæreteknologi for å raskere analysera helsedata, til personvern og tryggleik.

Framtidsretta satsing

Helse Nord IKT leverer teknologiske løysingar og tenester til sjukehusa i Nordland, Troms og Finnmark, og har ansvaret for sentral drift og forvalting av felles IKT-system i Helse Nord. Det betyr at Helse Nord IKT svarar for 18.000 IKT-brukarar 24 timer i døgnet, sju dagar i veka.

Administrerende direktør Oddbjørn Schei forklarer at for å kunna imøtekomma krav til IKT-løysingar i helsesektoren, er Helse Nord IKT avhengig av høgt kvalifiserte medarbeidarar.

– Vi meiner difor at UiT si satsing på helseteknologi er framtidsrettea og naudsynt for å kunna tilby gode helsetenester i Nord-Noreg i framtida. Vi ser difor fram til eit tett samarbeid med UiT for å bidra til at utdanninga vert relevant og møter dei krav som Helse Nord IKT vil ha til teknologer i framtida, seier Schei.

Inkluderer heile universitetet

Helse Nord IKT og studieretninga helseteknologi har allereie hatt eit lengre uoffisielt samarbeidsforhold. Men då dei avgjorde at dei skulle gjera samarbeidet offisielt, meinte alle partar at det var best å ha ein overordna samarbeidsavtale for heile universitetet.

– Vi har ein helseteknisk studieretning på fysikk som òg var interessert i eit samarbeid, og det er jo naturlegvis relevant for Det helsevitskaplege fakultetet. Til og med jus og filosofi kan dette vera interessant for. Difor ønskte vi at samarbeidsavtalen skulle vera på universitetsnivå, og ikkje berre for instituttet eller fakultetet. Så det er ein overordna avtale som no vert signert. Han gjev oss nokre rammer for samarbeidet. Så kan ein seinare inngå meir konkrete avtalar i dei ulike miljøa, seier Andersen.

På Twitter   #norgesarktiske