Utvikla uttrykket sitt med strupesong og joik

Anneli Drecker trudde ho berre skulle lære seg nye songteknikkar, men under arbeidet med disputasen sin har ho fått mykje i bonus. Mellom anna har ho fått innblikk i urfolk sin identitet og historie, og er takksam for at ho lever i eit land der ho har lov å synge.

Henriksen, Lise Lotte
Publisert: 29.01.19 10:20 Oppdatert: 29.01.19 14:41
Tromsø

Anneli Drecker disputerer med "Den moderne urstemma. Rekonstruksjon og bruk av urstemma" Foto: Privat

Tysdag disputerer Anneli Drecker med prosjektet «Den moderne urstemma. Rekonstruksjon og bruk av urstemma». Målet var å lære seg nye teknikkar i song, og ho har utforska strupesong, overtonesong, joik, kapa haka og persisk og norsk tradisjonell song.

- No greier eg ikkje å leggje det til side. Det har blitt ein del av meg, stemma mi og utrykket mitt. Eg har fått nye fargar til paletten min, seier Drecker.

Vil få det stygge inn i popkulturen

Drecker er popartist og komponist, og ho tar for eksempel strupesong inn i musikken sin. Ei songform som opphavleg er basert på bjørnelydar og var eit element i overleving for menneskjer som møtte på dyret.

- I vesten er det mykje fokus på det melodiøse og fine, vi har ikkje vore så flinke til å finne kontrasten. Det er relevant å arbeide med dei kroppslige lydane, eller urlydane om du vil, og eg synes det er spanande. I popkultur er fokuset på det fine. Målet er å få det «stygge» inn i popkulturen. Eg jobbar med å greie dette, og finne ein ny estetikk og bringe den inn i popmusikken, seier ho.

- Kan ikkje kle på seg andre sin kultur

Det er ikkje berre nye stemmar Anneli Drecker har fått ut av disputasen sin. Musikksmaken hennar har endra seg, men mest av alt har ho fått innsikt i urfolk sin identitet og historie.

- Eg har stor audmjukskap for det eg gjer. Det er ikkje berre teknikk eg har lært, slik eg trudde eg skulle. Eg har fått høyre så mange historier, for eksempel har ei av mentorane mine ikkje lov å synge sin tradisjonelle song fordi ho er kvinne. Eg er takksam for å bu i eit land kor eg kan synge, seier ho.

Drecker har også fått større innblikk i joiken og samane si historie.

- Eg seier aldri at eg joikar. Eg er inspirert av joik, ein kan ikkje kle på seg andre sin kultur.

 

Anneli Drecker sin disputas kan ein få med seg på Musikkonservatoriet tysdag 29. januar 13.00-16.00.

Henriksen, Lise Lotte
Publisert: 29.01.19 10:20 Oppdatert: 29.01.19 14:41
Tromsø
Vi anbefaler