Lena Aarekol skal leia Noregs arktiske universitetsmuseum og akademi for kunstfag


Lena Aarekol er innplassert som leiar for Noregs arktiske universitetsmuseum og akademi for kunstfag ved UiT Noregs arktiske universitet.

Lena Aarekol. Foto: Mathilde Torsøe

Aarekol har sidan 2017 vore museumsdirektør for Tromsø Museum – Universitetsmuseet (TMU). Tidlegare i år vedtok universitetsstyret ved UiT å slå TMU saman med Det kunstfaglege fakultet (Kunstfak). Det er òg avgjort at det nye namnet på eininga skal vera Noregs arktiske universitetsmuseum og akademi for kunstfag.

Den nye eininga får eit interimsstyre som skal leia ho i overgangsfasen frå to til éi eining. Styreleiar vert rektor Ole Gustavsen ved Arkitektur- og designhøgskulen i Oslo (AHO), og saman med seg får han to eksterne medlemmar: professor Brita Brenna ved Universitetet i Oslo og direktør Tor Lægreid i NOSO. I tillegg skal interimsstyret ha tre interne medlemmar frå Kunstfak og tre interne medlemmar frå TMU. Det nye interimsstyret trer saman i januar 2019.

Kontaktpersonar:

Rektor Anne Husebekk, mobil 481 41 286

Universitetsdirektør Jørgen Fossland, mobil 951 50 414

På Twitter   #norgesarktiske