Bli med når over 800 elevar frå vidaregåande skular i Tromsø og Troms vitjar UiT for finne sitt draumestudie. Dei får blant anna testa om dei er smartare enn ein lærarstudent, prøva opptakkrava til paramedisin, omvising i Det raude rommet og lære meir om grensene for kva ein kan seia og gjera på nett." /> Bli med når over 800 elevar frå vidaregåande skular i Tromsø og Troms vitjar UiT for finne sitt draumestudie. Dei får blant anna testa om dei er smartare enn ein lærarstudent, prøva opptakkrava til paramedisin, omvising i Det raude rommet og lære meir om grensene for kva ein kan seia og gjera på nett." />

Over 800 skoleelever testar ut studenttilværet

Bli med når over 800 elevar frå vidaregåande skular i Tromsø og Troms vitjar UiT for finne sitt draumestudie. Dei får blant anna testa om dei er smartare enn ein lærarstudent, prøva opptakkrava til paramedisin, omvising i Det raude rommet og lære meir om grensene for kva ein kan seia og gjera på nett.

Solhaug, Randi Merete
Publisert: 16.10.18 00:00 Oppdatert: 04.01.19 13:01

 

Pressen vert ynskt velkomen til Open dag ved UiT:

Dato: Onsdag 17. oktober

Tid: 09:30–14:00

Stad: Solhallen i Teorifagbygg Hus 1campus Breivika, Tromsø

Eit av dei mest vanskelege vala i livet er å avgjera kva ein skal verta. Ved UiT står difor studentar og tilsette klåre på stand for å svara på spørsmål frå elevane. 70 studium er representert i Solhallen og det vert mange ulike aktivitetar å testa ut. I tillegg har tilsette og studentar ved vårt nye og populære paramedisinstudium med seg ein ambulanse utanfor Teorifagbygget som elevane kan sjå inn i.

Open dag vart første gong arrangert i fjor, og nytt i år er at det vert omvisingar på medisin- og helsefagbygget (kl 10:30) og i teknologibygget (kl 13:00). På omvisinga får elevane blant anna verta med i øvingsromma til sjukepleiarutdanninga og i båtsimulatorane.

Det vert òg foredrag spesielt tilpassa elevane, blant anna skal jusprofessor Gunnar Eriksen snakka om grensene for kva ein kan seia og gjera på nett.

Sjå heile programmet her.

 

Kontaktperson:

Stine-Marie Andreassen, telefon: 930 40 884, epost: stine-marie.andreassen@uit.no 

 

 

 

Solhaug, Randi Merete
Publisert: 16.10.18 00:00 Oppdatert: 04.01.19 13:01
Vi anbefaler