Trur fornybar energi er meir i vinden i år

UiT deltek òg i år med ein eigen delegasjon på oljemessa i Stavanger.
Solhaug, Randi Merete
Publisert: 27.08.18 08:00 Oppdatert: 24.08.18 15:26

Rektor Anne Husebekk i samtale med konserndirektør for utvikling og produksjon i Equinor Norge, Arne Sigve Nylund, på ONS i 2016. Foto: Kristine Lind-Olsen

Måndag 27. august startar oljemessa Offshore Northern Seas (ONS) i Stavanger, og temaet er ”INNOVATE”. UiT Noregs arktiske universitet deltek òg i år – noko universitetet har gjort med god røynsle sidan 2006. 

For to år sidan var messa prega av at det var nedgangstider i oljebransjen og at fleire sysselsette måtte gå frå jobbane sine. Det opna mellom anna opp for meir fokus på bærekraftig og fornybar energi.

– Kan hende vert det ei endå større dreiing mot fornybar energi i år, for det er mykje som skjer på det feltet. Det blir i alle fall spennande å sjå, for no er oljebransjen prega av meir optimisme og oppgangstid enn kva som var tilfelle for to år sidan, seier Kristine Lind-Olsen, daglig leiar for SESiNOR (Senter for sikre operasjonar i nord).  

Nettverksbygging og rekruttering

Daglig leiar Kristine Lind-Olsen i SESiNOR. Foto: Randi Solhaug

ONS er en norsk non-profit stiftelse som har som formål å vere ein møteplass for den internasjonale energibransjen. Arrangementet omfattar både ei utstilling, ein konferanse og ein festival.

Det gjev høve for nettverksbygging både nasjonalt og regionalt, og bidreg til å visa UiTs aktivitetar og kompetanse innan prosess- og gassteknologi, fornybar energi, geologi, tryggleik og miljø, fortel Kristine Lind-Olsen:

– Det kan for eksempel føre til utvida forskingssamarbeid, eller at vi får kjennskap til nye og interessante gjesteførelesarar frå inn- og utland. Torsdag vert dessutan ein særs viktig dag for oss. Då kjem elevar frå den vidaregåande skulen for å vitje standen. Det er ein moglegheit for UiT å vise seg fram og rekruttere nye studentar. Vi ønskjer jo at dei skal komme nordover for å studere, fortel ho. 

Temaet passer bra

Professor i geovitenskap og leiar i ARCEx, Alfred Hanssen, er ein av fleire UiT-tilsette som er på oljemessa i Stavanger denne veka. Foto: ARCEx

Rektor Anne Husebekk skal halde eit innlegg på ”Speakers Corner” måndag, og ho skal vere ein av foredragshaldarane på frukostkonferansen tysdag 28. august. Leiar for ARCEx, Alfred Hanssen, vil òg halde eit innlegg på ”Speakers Corner” tysdag.

ARCEx er eit nasjonalt forskingssenter som vert leidd frå UiT, og det er viktig for oss å bruka ONS som ein møteplass for å treffa gamle og nye kontaktar. Vi deltek som del av ein felles nordnorsk stand kalla "Xplore North", og forskingssenteret bidreg som representant for kompetansemiljøa i nord, seier Alfred Hanssen. 

– Innovate er tema på ONS i år, er det eit tema som passar ARCEx bra?

– ARCEx bidreg med forsking som kan leia til innovasjon, så vi følar oss veldig heime med dette som gjennomgåande tema.

Samlar seg på gigantstand

UiT er ein av om lag 100 institusjonar/føretak/organisasjonar frå Nord-Norge som deltek på oljemessa. For to år sidan samla heile den nordnorske delegasjonen seg i ein gigantstand under namnet ”Xplore North”. Standen var godt vitja, og var ein av 10 nominerte til beste stand i 2016.

– Vi samlar oss på denne standen i år igjen for å vise fram kapasiteten og kompetansen i nord, seier Kristine Lind-Olsen.

ONS har vore arrangert anna kvart år sidan 1974, og i 2016 var det nær 66 000 vitjande frå 99 land. Det var 500 foredragshaldarar fordelt på sju konferansearenaer.

I år er det venta om lag 600 foredragshaldarar.

 

Solhaug, Randi Merete
Publisert: 27.08.18 08:00 Oppdatert: 24.08.18 15:26
Vi anbefaler